NRK Meny
Normal

HamKam er redda – igjen

HamKam har redda seg unna konkurs og degradering i siste liten.

Briskeby stadion

Det ser ut til at det ikkje blir femtedivisjonsfotball på Briskeby likevel.

Foto: Bjørn Opsahl / NRK

Hamar-klubben har hatt økonomiske problem i fleire år, og vart berga frå konkurs i siste liten også i fjor haust. Tidlegare denne veka såg det ut til at konkursen kunne bli ein realitet, da styret kasta korta og meinte det ikkje var grunnlag for vidare drift.

Klubben mangla da 800.000 kroner for å kunne drive vidare.

Jobbar med å få på plass styre

I dag vart det klart at det lokale næringslivet vil stille opp for den tradisjonsrike fotballklubben nok ein gong, og fleire av dei største sponsorane har spytta inn fleire hundre tusen kroner ekstra.

Det betyr at Tromsdalen ikkje får HamKam sin plass i neste års fyrstedivisjon.

Nå blir det jobba på spreng for å få på plass eit nytt styre og ein ny dagleg leiar på Briskeby.

– Vi har 10-15 aktuelle namn på blokka, og fleire av desse kjem frå næringslivet, seier leiar i valkomiteen i HamKam, Thor Birkeland Hansen.

Skal satse lokalt

Etter den siste vekas redningsaksjon blir det understreka at dette er siste gongen det lokale næringslivet vil stille opp og redde klubben frå dei stadige økonomiske problema.

Det er også ei klar forutsetning at klubben skal satse på unge og lokale spelarar frå Hedmarken og Mjøsområdet dei komande åra.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND

  • Fratatt førerkortet på rv 25

    En sjåfør mista førerkortet på rv 25 ved Nyhus i Trysil i kveld etter å ha blitt tatt i 118 km/t i 80-sona.