Hopp til innhold

Sander (15) har sin eigen Boeing 737 på guterommet

BJONEROA (NRK): Sander Slette har brukt tre år på å bygge sin eigen flysimulator. No har han også fått fly på ordentleg.

BYGD PÅ EIGAHAND: Sander Slette (15) har ein heilt egen cockpit på guterommet.

«Approaching», seier stemma i cockpiten til Sander Slette. Eller ILS (instrumentlandingssystem) som det kallast.

– Continue, kjem det kjapt frå tenåringen.

Stemma byrjar å rekne ned: «100, 50, 30, 20, 10». Og så har Boeingen fått kontakt med rullebana på Torp.

– Reverse to as normal. Speed brakes up, seier Sander med myndig stemme, før han snur seg mot journalisten:

– Det var eigentleg den mjukaste landinga eg har gjort nokon gong.

Inne i cockpiten

PILOT: Sander Slette ynskjer så klart å bli pilot når han blir vaksen!

Foto: Geir Bernhard Randby / NRK

Fått hjelp av Universitetet i Oslo

I Bjoneroa i Gran på Hadeland bur 15 år gamle Sander Slette. I lag med mor, far og ei søster. Der bur dei i eit relativt vanleg hus på ein gard. Men gutungen i huset har valt ei litt anna innreiing på sitt rom.

For i tre år har den flyinteresserte 15-åringen bygd sin eigen flysimulator. Heilt aleine. Ingen av foreldra har nokon spesiell interesse for å fly.

Han bygde cockpiten fordi han tykte det ikkje heldt med å ha ein «vanleg» flysimulator på ein PC-skjerm, som ikkje kjentes så ekte. Difor ville han ta det til neste nivå.

– Det har vore mykje feil, og eg har vore nøydd til å byggje ein god del om att. Det har vore prøving og feiling, men no har eg kome fram til ei god løysing, seier han.

Totalt er han oppe i 1500 timar med flyging i flysimulatoren, som han meiner har kosta han om lag 60 000 kroner.

Ein del av skjermane til simulatoren har han fått donert frå Universitet i Oslo. Men mange av delane har han også kjøpt på internett. Han bestilte seg mellom anna 40 vippebrytarar på eBay, som han har lodda og sett inn sjølv for at dei skal virke.

Sander Slette har bygd sin egen flysimulator hjemme på gutterommet
Foto: Geir Randby / NRK

Fekk fly på ordentleg

Søndag fekk tenåringen vere med å fly i småfly sjølv for fyrste gong.

På Hamar lufthamn tok dei av i eit Dynamic mikrofly, og Sander Slette fekk prøve å ta over spakane.

– Det var litt annleis enn eg trudde, men det var også betre enn eg hadde trudd. Interessa vart heilt klart sterkare, så eg vil attende hit og fly meir, seier tenåringen engasjert.

I Noreg kan ein starte opplæringa til flysertifikatet når ein er 16 år, og når ein er 17 kan ein ta prøva for å få sertifikatet. Det siktar Sander seg no inn på.

Ung pilot
Foto: Geir Randby / NRK

– Men det er jo dyrt, så eg må diskutere det litt, seier han.

Anne Kjerland Slette er mor til Sander. Ho tykte det var nervepirrande å sende gutungen sin opp i eit ekte fly.

– Det var greitt å få han ned på bakken att.

Ho fortel om ein kreativ og målretta gut som har starta i det små og jobba med prosjektet sitt lenge.

– Kva trur du Sander kjem til å drive med om 15 år?

– Eg håpar at han har fullført skulen og fått utdanning som flyger. Det er ein lang veg å gå, men han er veldig bevisst på at det er dette han vil, seier ho.

– Eg klarar nesten ikkje å vente til eg kan utdanne meg til pilot, seier Sander Slette.

Fekk prøve å fly
Foto: Geir Bernhard Randby

Flere saker fra Innlandet