Fotballaget Hamarkameratene, Ham-Kam, går truleg mot den aller beste sesongen sin, reint økonomisk.
Det stadfestar klubbdirektør Truls Haakonsen.
Truls Haakonsen
Medvind
Suksess både på og utanfor bana gjer at Ham-Kam kan notere seg ein pen sum.
Overskotet kan bli på over to millionar kroner.
Sportsleg ligg dei grøne og kvite langt nærare toppen enn sjølv den mest optimistiske kamma-fansen turde å håpe på.
Og når det går bra på bana, da strøymer tilskodarane til Briskeby gressbane.
Publikumstalet er ein av grunnane til at Ham-Kam gjer det så bra økonomisk. Men det er plass til enda fleire publikummarar på Briskeby...
Enkelt å selje
Sjølv om det framleis står att seks seriekampar er ein ting nesten sikkert; Ham-Kam blir å finne i eliteserien også neste år. Sjølv om rett skal vera rett: Det er faktisk teoretisk mogleg at laget rykkjer ned.
- Men dei svært positive utsiktene gjer det mykje enklare å selje inn produktet Ham-Kam, stadfestar klubbdirektør Haakonsen.
Han blir skuffa dersom laget ikkje går minst to millionar kroner i overskot.