Låner ut hytta til folk ho ikkje kjenner

GAUSDAL (NRK) Responsen var enorm då Hege la ut hytta si til låns på Facebook. 168 barnefamiliar ville gjerne feriere gratis i Gausdal Vestfjell.

Hege Østensen Andersson har lånt ut hytta si i sommar

GRATIS: Hege Østensen Andersson har lånt ut hytta si i sommar.

Foto: hanne stine kind / nrk

I fjor gjorde fleire historier i media inntrykk på Hege Østensen Andersson frå Gausdal. Dei handla om barn som kom tilbake på skulen, men som ikkje kunne fortelje om fine feriereiser fordi foreldra ikkje hadde råd til ferie. Derfor annonserte ho hytta si gratis til låns på Facebook:

– Det har vore ei stor oppleving som har gitt oss mange gode minner, heilt frå vi la ut hytta og til dei siste gjestene reiste heim.

Ikkje råd til ferie

Ei av dei som lånte hytta til Hege i sommar er ei aleinemor frå Østfold. Ho vil vere anonym av omsyn til dottera. Dei hadde ikkje råd til sommarferie i år:

Anonym hyttebruker

TAKKSAM: Ho hadde ikkje råd til ferie i år, men fekk låne hytta til Hege gratis i ei veke.

Foto: Mathias Lunde Kristoffersen / nrk

– Eg ville så gjerne få ei fin avslutting på sommarferien for dotter mi, sidan vi ikkje hadde vore på tur tidlegare.

Saman med dottera søkte ho om å få låne hytta ei veke, og gleda var stor då dei vart ein av tre familiar som fekk tilbodet. I tillegg fekk dei ein gratistur til Hunderfossen Familiepark. Mora frå Østfold slit med å finne ord når ho skal prøve å takke Hege:

– Eg tenkjer at det finst nokre englar, og dei deler av det dei har. Eg har berre positive ting å seie. Hege har vore heilt fantastisk.

Større klasseskiljer

Hytteeigarar frå heile landet har i sommar tilbode gratis ferie til dei som treng det. Professor i sosialpolitikk ved Høgskulen i Lillehammer, Rolf Rønning, seier behovet er større no enn tidlegare:

Professor Rolf Rønning

KLASSESKILJER: Professor Rolf Rønning meiner at dei sosiale ulikskapane i samfunnet har auka dei siste åra.

Foto: Alexander Nordby / NRK

– Sosiale skilnader i samfunnet aukar, noko som betyr at det er ganske mange som ikkje har råd til ferie.

Rønning fortel at mange opplever dette som både pinleg og flaut, og at det difor kan opplevast som vanskeleg å ikkje kunne tilby barna ferie om sommaren. Han meiner slike tilbod som det Hege her står bak, kan gje barn opplevingar og sosial kapital som dei elles ikkje ville fått.

Låner ut hytta også neste år

Også neste år vil Hege leige ut hytta. Då håper ho å doble talet på veker, slik at ho kan hjelpe fleire trengande familiar.

– Det er mange som treng hjelp, og eg får så uendeleg mykje tilbake ved å gje litt av det eg har. Å få kjenne på den gleda det gir å sjå at nokon får ein litt betre dag ... Det har gitt meg svært mykje.

Dame finner hyttebok, åpner den og leser. Nærbilde fra side i hyttebok. Dame går ut av hytta si og ser på utsikten. Anonym dame sitter på benk. Klippebilder med professor. Dame inne på hytte.

GRATIS HYTTE: Sjå video frå hytta i Gausdal Vestfjell.