Travelt i pressesenteret under den store junior Grand Prix-finalen. (Foto: Tone Merete Tho / NRK)
Sidan juli har Norge og NRK arbeidd med Junior Eurovision Song Contest. Og det er litt av ein produksjon.
Finalistar frå 18 ulike land opptrer framfor 7.000 i Håkons hall.
- Artig jobb
I stuer rundt omkring i heile Europa følgjer omlag 30 millionar tv-sjåarar med på det direktesendte showet.
- Det er så artig å vera med på!, seier Ida Bettvik. Ho er funksjonær under JESC og tek hand om presse frå heile Europa. I lag med blant andre Tonje Reiersen svarar ho på alt mellom himmel og jord i pressesenteret.
Telefonen i pressesenteret ringer i eitt sett. Det er eit virvar av beskjedar, telefonnnummer og journalistar med merkelege spørsmål. Blant anna ein fransk journalist som har mista eit armband... Ida noterer ned namn og nummer og lovar å halde augene opne.
Nadia Hasnaoui og Stian Barsnes Simonsen leier showet. (Foto: NRK)
- Vi kan jo alle låtane utanat nå da, ler Ida. Øvingane i Håkons hall har blitt overført på storskjem i pressesentert i Kristins hall heile veka før den store finalen.
- Det er eigetleg veldig fint å stå her. Vi har fått gode beskjedar, og det det gjort eit solid forarbeid, seier Tonje Reiersen.
For og med barn
Melodi Grand Prix junior er det største live-showet i Norge sidan Eurosong i Oslo 1996. Arrangøren kunne helse velkommen ein delegasjon på 400 personar, og nokre hundre pressefolk frå heile Europa.
Men fyrst og fremst er Junior Eurovision Song Contest eit barnearrangement. Deltakarane kom til Lillehammer ei heil veke før finalen. Dei har derfor hatt god tid til å bli kjent med kvarandre.
Per Åsmund Berg, Tonje Reiersen og Ida Bettvik jobba under Grand Prix-showet i Lillehammer. (Foto: Tone Merete Tho)
Programleiarar for det direktesendte showet er Stian Barsnes Simonsen og Nadia Hasnaoui. Miniatyrutgåva av Melodi Grand Prix er like profesjonell som den vaksne utgåva.
JESC vart arrangert for fyrste gong for tre år sidan. Og alle finalistane har skrive tekst og melodi sjølve.
Tv-sjåarane stemmer fram vinnaren.