Det er konklusjonen frå selskapet Agenda utredning og utvikling, som har sett på kostnadsnivået i Gjøvik kommune.
Kommunalsjef i Gjøvik, Øivind Hansebråten, seier til Oppland Arbeiderblad at det er pengar å spare, men at skulestrukturen er ei politisk prioritering.
Gjøvik kommune kan spare mange millionar i skulesektoren, meiner Agenda utredning og utvikling. (Illustrasjonsfoto)
- Fryktar stor sprekk
I fjor gjekk Gjøvik kommune 5,7 millioner kroner i underskot, i år fryktar Hansebråten at dei går mot ein sprekk på rundt 20 millionar kroner.
- Sjølv om talet blir så høgt, reknar vi med at noko blir dekt inn gjennom revidert nasjonalbudsjett, seier kommunalsjefen.
- Mykje å spare
Selskapet Agenda utredning og utvikling har synleggjort eit innsparingspotensiale på 100 millionar kroner i heile Gjøvik kommune.
- Det er nok ikkje realistisk å spare meir enn 40-50 prosent av det talet, meiner Øivind Hansebråten.
Agenda har samanlikna Gjøviktala frå 2002 med tal fra dei billegaste samanliknbare kommunane i landet.