GD har i dag gjeve garantier, lån og aksjekapital på rundt 12 millionar kroner. Avisa eig sju prosent av aksjane i radioen. Men nå er det nok.
Vil framleis eige
På eit styremøte i dag fatta avisa eit vedtak som innebèr at dei ikkje vil gå inn med meir pengar til Kanal 24.
- Styret vil ikkje gå inn med meir aksjekapital. I hovudsak er prosjektet noko heilt anna no enn det var når vi gjekk inn i det, seier Asbjørn Ringen, administrerande direktør i GD.
Han seier det no er lite strategiske interessar att i radiokanalen for GD sin del.
- GDs styre sa i dag at dei framleis vil eige aksjane, men men det er uaktuelt å spytte inn meir pengar, seier administrerande direktør Asbjørn Ringen.
Kan selje
GD vil etter refinansieringa sitje att med ein liten aksjepost. Og den vil truleg GD kvitte seg med.
- Viss vi får nokon til å kjøpe den vesle posten vi sit att med, vil vi vurdere det, seier Ringen.
Radiokanalen treng rundt 45 millionar kroner for å drive vidare ut året. Frå før har NTB og Vårt Land stadfesta at dei ikkje vil gje meir pengar. Harstad Tidende-gruppen var den fyrste aksjonæren som sa dei ikkje ville bruke meir pengar.
TV2, Adresseavisen, Fædrelandsvennen og Agderposten går inn med meir kapital i Kanal 24.
Lunkne
Etter at Kanal 24 vedtok å flytte frå Lillehammer til Fredrikstad har engasjementet i høve til radioen vore lite frå GDs side.
Etter det NRK kjenner til skal det og internt ha vore klare meininger om at GD burde trekkje seg ut.
Arnfinn Skinlo i NJ-styret i GD seier dei støttar styret i denne saka og seier det er klokt å ikkje vere med vidare.