Gausdal Landhandleri får truleg tilbod om ei tomt i Lillehammer.
Gausdal Landhandleri, som er eit av dei største byggvarehusa i innlandet, får truleg tilbod om ei tomt på 40 dekar på austsida av E6 ved Hovemoen på Lillehammer.
Drøftingar om tomta
Det er Oppland fylkeskommune som eig mesteparten av området og fylkesordførar Audun Tron har vore i drøftingar med bedrifta. På møtet i fylkesutvalet i morgon blir politikarane bede om å gje fylkesrådmannen fullmakt til å forhandle fram ei avtale med Gausdal Landhandleri.
Også NSB er spurt om dei vil selje ein del av eigendomen sin for å få til etableringa.
Kan realiserer planane
Gausdal Landhandleri har lenge hatt planar om å flytte lageret til Lillehammer, men har ikkje funne ei eigna tomt. Det kan dei ha gjort nå, og da står 35 arbeidstakarar på flyttefot, noko som er halve arbeidsstokken i Gausdalbedrifta.
Folk i Gausdal har gått hardt ut for å framleis ha heile hjørnesteinsbedrifta i bygda. Mellom anna gjekk innbyggjarane i desember i fjor i fakkeltog for å få leiinga til å omgjera vedtaket om å flytte lageret til Lillehammer.