Hopp til innhold

Gasskammer for fuglar

Eit mobilt gasskammer for fuglar står klart på ein hemmeleg parkeringsplass i Elverum dersom fugleinfluensaen bryt laus. 

 

 

 

 

 

Høns
Foto: Scanpix/AP

Etter at det i går vart kjent at fugleinfluensaen har kome til Sverige, har frykten auka for at sjukdommen skal koma til Hedmark og Oppland. Med ein gong viruset blir oppdaga her, kan det bli masseslakt av fjørfe. Det mobile gasskammeret er klart til å ta imot fuglar som må slaktast. 

Kan ta livet av 6000

På ein parkeringsplass hos ein av dei tilsette ved kyllingslakteriet Prior i Elverum står den grøne containeren klar til bruk. Den kan gasse ihel opp til 6000 fuglar på ein gong. Nøyaktig kvar det tretti kubikk store gasskammeret står, vil ikkje dagleg leiar i Prior Elverum, Bernt Snapa, ut med.

Dei kjøpte containeren for fleire år sidan for å bruke han ved avliving av fjørfe på gardene dersom det oppstod dyresjukdommar. Den har vore brukt fleire gonger, seinast i januar i år, i Agder og i Rogaland. Mattilsynet har nå fått tilbod om å få bruke den dersom det blir nødvendig å avlive tamme fuglar på grunn av påvist fugleinfluensa.

Ber forbrukarane vera merksame

Men sjølv om Prior har containeren klar, håper Bernt Snapa at fugleinfluensaen held seg unna lenge. Likevel er Prior førebudde på at den kjem i bruk.

- Men det er det Mattilsynet som i tilfelle har regien på, vi stiller berre containeren til diposisjon, seier Snapa. 

Prior er redde for at dei tamme fuglane skal bli smitta. Dei oppmodar derfor forbrukarane til å vera merksame og melde frå dersom dei finn døde fuglar eller fuglar som ser sjuke ut, særleg dersom det er andefuglar.

Ikkje redde for salssvikt

Dersom viruset blir oppdaga i Noreg, kan det få store følgjer for Prior i Elverum, som er eit av dei største kyllingslakteria i landet. Men sjølv om viruset dei siste månadene har nærma seg Noreg litt om senn, merkar ikkje Prior salssvikt.  Tvert imot, salet sist veke auka litt samanlikna med same veka i fjor.

- Likevel må vi vera førebudde på at forbrukarane kan bli usikre, sjølv om vi ikkje reknar med slike forhold som på kontinentet, meiner Snapa.

Ved tidlegare utbrot av dyresjukdommar i andre europeiske land har næringa opplevd store fall i salet, medan forbrukarane i Noreg stolar på den norske trygge maten.

Forsiktige på reiser

 

Men Bernt Snapa merkar at dei som driv med fjørfe har vorte meir forsiktige med å reise utanlands. Dei fleste tenkjer seg veldig godt om før dei legg i veg på tur, og dei er forsiktige når dei er ute. Når dei kjem heim, held dei seg borte frå eige fjørfehald i minst tre dagar etterpå.