- Det er tragisk å sjå at arbeidsplassen brenn opp, seier fjøsrøkter Ivar Sletten på Midtre Olimb. Mange års arbeid gjekk opp i røyk på garden i dag tidleg.
- Det som har skjedd er uverkeleg, seier dagleg leiar ved Midtre Olimb gård, Bjørn Tore Nilsen.
Også for dagleg leiar på garden, Bjørn Tore Nilsen, er det ein trist dag. Han har arbeidd i 15 år for å bygge opp garden, der driftsbygninga med selskapslokal står sentralt. - Det som har skjedd er heilt uverkeleg, seier Nilsen.
Det vart slått full alarm da brannvesenet fekk melding om brannen ved 07-tida. Ein snekker oppdaga brannen mellom tunhuset og driftsbygninga da han kom på jobb.
Brannsjef Dag Haraldsen i Jevnaker måtte tilkalle hjelp frå Gran, Lunner og Ringerike.
Tre geiter døydde i brannen, mens brannmannskapa fekk redda ut ein hest, 8 oksar, 3 grisar og 15 høner.
Klokka 08.30 hadde brannvesenet full kontroll over brannen, og var i gang med ettersløkking. Det er andre gong på 25 år at driftsbygninga brenn ned.
Tøff jobb
Det vart tilkalla ekstra brannmannskap frå Ringerike, Lunner og Gran. Dei greidde å redde alle bygningene rundt låven. Brannsjefen fortel om ein tøff sløkkingsjobb, for låven var overtent da dei kom til staden, og det var svært varme forhold å jobbe under.
Nå står det berre ruinar att etter brannen på Midtre Olimb.
Det var også kjøken og selskapslokalar i driftsbygninga.
- Selskapslokala står att der, men er heilt utbrent innvendig, seier brannsjef Dag Haraldsen i Jevnaker.
Gamal gard
Midtre Olimb Gård blir brukt til kurs, arrangement og ulike opplevingstilbod i Hadeland-regionen.
Garden ligg i eit eldgamalt kulturlandskap på Hadeland. På Midtre Olimb Gård er det både gravrøyser og gravhaugar frå bronse- og jarnalder. Den eldste kjente ferdselsvegen frå Hadeland til Oslo går gjennom garden, i følgje gardens eigne internettsider.
Politiet opplyser at det er for tidleg å si noko om brannårsaka enda. Dei skal i gang med tekniske undersøkingar når det blir kaldt i ruinane.
Brannvesenet dreiv lenge med ettersløkking av driftsbygninga.