Hopp til innhold

Gardbrukarane venter eit lønnsløft

Jordbruksforhandlingane er i gong og klokka 13 legg jordbruksorganisasjonane fram krava sine.

Staten sitt tilbod kjem neste fredag, 5.mai.

I fagorganisasjonane er det store forventinger til at den raud-grøne regjeringa vil gje bøndene eit inntektsløft.

Tal frå budsjettnemda i jordbruket syner at dei har hatt inntektssvikt dei siste åra.

9000 kroner mindre

Frå 2004 til 2006 har det vore ein inntektsnedgang på 9000 kroner per årsverk, syner tala frå budsjettnemda. Desse tala blir brukt som ein del av grunnlagsmaterialet for forhandlingene. 

Tala byggjer på i alt 25 bruk med ulike produksjonar og geografisk plassering. Spesielt store svingningar har det vore for dei som driv med kombinasjonen gris og korn. Men dei som driv med frukt og sauar har og merka at dei har fått mindre inntekter.

Flere saker fra Innlandet