NRK Meny
Normal

Gard B. Eidsvold: – For lite satsing på ny norsk dramatikk

HAMAR (NRK): I kveld er det urpremiere på det nye stykket "Fire forsøk på å gjøre en forskjell" på Teater Innlandet. Regissøren meinar slike stykke alt for sjeldan blir vist på dei store norske teaterscenane.

Gard B. Eidsvoll

REGISSØREN: Gard B. Eidsvold har regien på det nyskrivne stykket "Fire forsøk på å gjøre en forskjell" som har urpremiere på Teater Innlandet i kveld.

Foto: arne sørenes / nrk

– Det ypperste mandatet ein har som kulturinstitusjon i Noreg, er å stimulere til nyskaping. Alt anna er heilt uinteressant.

Gard B. Eidsvold er klar i talen like før urpremieren på "Fire forsøk på å gjøre en forskjell" på Teater Innlandet i kveld. Det heilt nye teaterstykket er skrive av dramatikar Mikkel Bugge, og utvikla i nært samarbeid med regissør Eidsvoll.

Den kjende skodespelaren og regissøren er glad for at det nyaste institusjonsteateret i landet har gitt dei ei scene å spele på. Han meinar nemleg at dei største teatera i Noreg satsar alt for lite på nyskriven norsk dramatikk:

– Dersom du ser på teatera som forlag, så gir dei ut stort sett gamle klassikarar om og om igjen. Eg har halde på med teater i tredve år, og dei gir seg jo ikkje.

Frå prøve på "Fire forsøk på å gjøre en forskjell".

TRØBBEL I AFRIKA: Tre norske bistandsarbeidarar og ein turist havnar i ein pressa situasjon i eit afrikansk land. Biletet er frå ein av prøvane på "Fire forsøk på å gjøre en forskjell".

Foto: arne sørenes / nrk

Betre no enn før

Line Rosvoll er leiar av Dramatikkens Hus i Oslo, som har eit nasjonalt ansvar for utvikling av scenetekst i Noreg. Ho fortel at av dei 50 tekstane dei gav støtte til i 2016, har 30 funne ein produsent som vil gje dei ei scene å spele på.

– Det er ei auke på ti prosent i høve til 2015, seier Rosvoll.

Hørespillkurs

BETRE NO ENN FØR: Line Rosvoll frå Dramatikkens Hus meinar teatera tar meir ansvar no enn tidlegare.

Foto: Nan Kristin Myhre

Men mange av desse produsentane tilhøyrer det såkalla frie feltet. Det er teatergrupper og scenar som ikkje blir støtta direkte over statsbudsjettet, slik dei større institusjonsteatera blir.

Tal innrapportert til Dramatikerforbundet viser at berre 13 av 42 nyskrivne stykker som i 2016 fann vegen til ei norsk scene, faktisk vart oppført på eit institusjonsteater.

Gard B. Eidsvold meinar desse har eit særleg ansvar for å utvikle ny og tidsaktuell dramatikk:

– Teatera må spele samfunnsrelaterte drama frå vår eiga tid dersom teater skal overleve som kunstform, seier han.

– Redde for botnlinja

Eit kjapt søk på nettsidene til nokre av dei største teatera viser at gamle klassikarar som Hamlet, Don Juan, Brødrene Karamasov og Macbeth står høgt på plakatane i vår. Gard B. Eidsvold meinar at institusjonsteatera er for opptekne av botnlinja til å våge å satse på nye stykke:

– Men det har jo med dei økonomiske rammene å gjere, og at kravet til inntening er veldig stort.

Teatersjef Janne Langaas ved Teater Innlandet er langt veg samd med Eidsvold. Ho viser klassikaren "Tornerose" i vår, om enn på ein litt ny måte. Men i kveld er det altså klart for urpremiere på eit heilt nytt stykke. Langaas lovar fleire urpremierar i åra som kjem:

– I løpet av dei neste tre åra har vi planlagt sju eller åtte ny stykke som blir skrivne eller jobba fram. Så vi føler absolutt at vi tar ansvar for å utvikle ny dramatikk.

Teatersjef Janne Langaas

TEATERSJEFEN TAR ANSVAR: Teatersjef Janne Langaas meinar ho tar ansvar for utviklinga av ny norsk dramatikk. I kveld er det urpremiere på Teater Innlandet på Hamar.

Foto: arne Sørenes / nrk

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND

  • Mot kald helg

    Det blir stort sett kuldegrader i Hedmark og Oppland i helga, seier meteorologen. Laurdag blir det truleg skya med enkelte sludd og snøbyer, og det kan også bli tåke i låglandet. Men likevel kan vi vente nokre solgløtt inn i mellom. Søndagen blir det bra vêr ifølgje meteorologen.

  • Elg langs vegane

    Det er mykje elg som går langs vegane i både Hedmark og Oppland i ettermiddag. Vegvesenet ber bilistar vere obs på dyra, og seier det mellom andre stadar er elg ved vegen på Rv 3 i Gjøvik-området, Rv 4 ved Harestua og langs E6 ved Brumunddal.

  • Trafikken går sakte

    PÅ E6 mellom Kolomoen og Harmar er det saktegåande trafikk. Det er stor trafikk gjennom vegarbeidsområdet, og køen heng igjen etter oppryddinga ved Uthus i Stange tidlegare i ettermiddag.