Hopp til innhold

Går til sak mot staten for å stoppe ulvejakt

Verdens naturfond meiner planane om å skyte 50 ulvar denne vinteren er ulovleg. Nå tek dei saka til retten.

Ulv

Denne ulven vart skote i Romedal i Stange i oktober. Den er ein av seks ulvar som er skote i lisensjakta sålangt.

Foto: SNO/Jan Huseklepp Wilberg

I september vart det klart at regjeringa godkjenner skyting av til saman 26 ulvar utanfor ulvesona i den såkalla lisensjakta. I tillegg er det forslag om jakt på 24 ulvar innanfor ulvesona, noko Klima- og miljødepartementet skal avgjere innan nyttår.

Verdens naturfond (WWF) meiner den planlagde jakta vil vere i strid med både Grunnlova, Bernkonvensjonen og naturmangfaldlova.

– Nok er nok. Vi har forsøkt alle andre verkemiddel. Ulvejakta er lovstridig og må stansast før det er for seint å redde ein kritisk truga art, seier miljøpolitisk leiar Ingrid Lomelde i ei pressemelding.

Seks skotne allereie

Så langt har fem ulvar vorte skote under lisensjakta i haust. WWF meiner at ulven, som står på raudlista for truga artar, ikkje kan jaktast på.

Nå har dei saksøkt staten fordi dei meiner jakta ikkje er lovleg. I tillegg krev dei at ulvejakta i Østfold, Akershus, Oslo og Hedmark blir stoppa umiddelbart fram til saka er avgjort i retten.

– Vi må få ein berekraftig ulveforvaltning som sikrar bestanden på lang sikt, og som samtidig set i gang betre tiltak for å redusere konfliktane med beitedyr, seier Ingrid Lomelde i WWF.

Flere saker fra Innlandet