Laurdag og sundag skal 19 nasjonar og over 200 deltakarar konkurrere om heider og ære på Beitostølen. Det er gode skiforhold. Men grunneigar Ove Andersen skal ha ein stor del av æra for at Beitostølen faktisk får reklamen.
Gun Margit Andreassen stiller til start.
Ga bort areal
Andersen sa seg nemleg villig til å leggje bort planane om eit hyttefelt.
I staden sa han seg villig til å gje areal til ein ny skistadion på Beitostølen. Skiskyttarstandplassen ligg der Andersen kunne tent gode pengar på tomter.
Samstundes har målområdet fått eit løft i haust.
- Eg har alltid vore opptatt av aktivitet. Noko må ein ofre for å få noko attende. Men det er heilt supert. Eg angrar ikkje ein dag på at eg satsa på skistadion framfor hytter, seier Andersen.
I staden for hytter vart det skiskyttarstadion.
- Heilskap
Han er oppteken av å tenkje heilskap for heile Beitostølen.
- Eg var skigær`n for 22 kilo sidan og er interessert i aktivitet, humrar Andersen.
Han har sjølv vore styremedlem i Destinasjon Beitostølen og såleis fått innblikk i reiseliv og marknadsføring.
- Eg har sett at ein ikkje berre kan tenkje på seg sjølv. Ein må skape aktivitet, få mediefokusering og vere med å bidra til fellesskapet, seier Andersen.
Optimale forhold
Løparane får tilnærma optimale forhold.
Det kan arrangementsleiar Erik Østlie i Øystre Slidre Idrettslag fastslå etter at han var ute og sjekka løypenettet i går ettermiddag.
- Eg er imponert over kva Andersen har gjort for oss. Det er ikkje mange grunneigarar som ville gjort det same, seier Østlie.
NRK sender fra verdenscuprennene både i radio og fjernsyn. Det skal sendast frå 10 kilometer friteknikk for damer og 15 kilometer fri teknikk for herrar. Sundag er det stafett.