Da Gjendesheim turisthytte opna til vinterferien, stod to nye ladestasjonar klare til bruk. Det har tvinga seg fram, seier verten på Gjendesheim, Marius Haugaløkken.
– Det har vorte fleire og fleire av våre gjester som har etterspurt lademoglegheiter for elbil, seier Haugaløkken.
Gjendesheim er fyrste turisthytte som tilbyr lading for elbil, og for mange av gjestane har lademoglegheit vore ein føresetnad for å ta turen til fjells.
Viktig signaleffekt
Tidlegare har lading av elbil skjedd via skjøteledningar gjennom vindauge og meir provisoriske løysingar. Dette har ført til sikringsbrot og auka brannfare. Nå møter verten sesongen med nye og godkjente ladestasjonar.
– Eg er glad vi endeleg har fått ei god løysing på dette, seier Haugaløkken.
Marius er opptatt av å kunne legge til rette for at folk som ynskjer kan ta seg til fjells på ein miljøvenleg måte.
– Eg driv ei bedrift som sel naturopplevingar og friluftsliv, så at vi har eit tilbod til dei som vel ein miljøvenleg bil, det skulle berre mangle, seier Haugaløkken.
Verten på Gjendesheim er usikker på om ladestasjonane vil føre til fleire gjester, men seier at det viktigaste er at mange nå får moglegheit til å velja ein miljøvenleg bil framfor ein med fossilt brennstoff.
Vil utvide tilbodet
DNT har fått 80 000 i støtte frå Oppland fylkeskommune til ladestasjonane, og nå håpar dei fleire vil fylgje etter.
– Vi jobbar nå med å få opp slike ladestasjonar også på Sota sæter i Skjåk, seier eigedomssjef i DNT Jan Erik Reiten.
Anne Mari Aamelfot Hjelle i DNT seier at det aldri har vore turistforeininga si rolle å legge til rette for bilkøyring, men tykkjer det er bra at det blir lagt til rette der dette er mogleg.
Eksotisk plassering
Generalsekretær i elbilforeininga, Christina Bu, gjer ein stor tommel opp til initiativet, og meiner plasseringa må vera av dei mest eksotiske her til lands.
– Vi ser at fleire ynskjer å bruke elbilane sine til lengre turar, så dette vil bli godt mottatt av gjestene, seier Bu.
Ladestasjonane som nå møter gjestene i porten til Jotunheimen, er såkalla semihurtigladere, og passar fint for dei som skal bu på plassen eller gå på fjelltur.