Den første episoden skjedde klokka 17.54 torsdag. Politiet fekk beskjed om merkeleg køyring på ein traktor og at han hadde mista delar lasten.
– Det viste seg at mannen var påverka av alkohol. I tillegg mangla han førarkort, for det var inndrege på eit tidlegare tidspunkt. Han vart meldt for begge forholda, seier operasjonsleiar i Gudbrandsdal politidistrikt Hallgrim Ous til NTB.
Ny melding til politiet
Ous antar at patruljen på staden inndrog nøklane til traktoren. Men dette stoppa ikkje mannen frå å køyre igjen. Ti minutt over midnatt tikka det inn ei ny melding til politiet.
– Vi fekk tips om at ein traktor låg i grøfta i Ringebu sentrum. På staden trefte vi mannen, og han var ikkje edru. Antakeleg har han brukt ein skrutrekkar til å få start på traktoren igjen, for nøklane var ikkje i tenninga. Det skal vere nokså enkelt med traktorar, fortel operasjonsleiaren.
På nytt vart mannen meld for køyring i rusa tilstand og utan førarkort.
– Kva skal ein seie. Dette er ikkje bra. Det har hendt tidlegare at vi har tatt folk fleire gonger for fyllekøyring på same dag. Ein gong tok vi ei dame tre gonger. Det er ikkje bra når ein veit at det er livsfarleg, seier Ous.