Hopp til innhold

Fylkesvei 51 over Valdresflye

  • Valdresflye opnar fredag

    Fylkesveg 51 over Valdresflye blir brøyta opp og skal etter planen vere klar for trafikk fredag 31.mars klokka 12.

    Vegen blir nattestengd mellom klokka 20 og 08 ei tid framover. Ved uver, kan vegen bli stengd på kort varsel.

    Høge brøytekantar

    - Det er normale snømengder i fjellet langs fylkesveg 51 i år. I snitt er brøytekantane rundt 1,5 meter høge, men dei høgaste er på fire meter, seier byggjeleiar Håvard Ødegård i Innlandet fylkeskommune.

    - Arbeidet med å brøyte opp den vinterstengde vegen har gått etter planen og vegen kan opnast til påske. Det ser ut til å bli gode tilhøve på Valdresflye i palmehelga, seier Ødegård, som oppmodar trafikantene om å følgje med på skilting og parkere slik at dei ikkje hindrar trafikken.

    Fylkesveg 51 Valdresflye blir brøyta og opna
    Foto: Håvard Ødegård

Flere saker fra Innlandet