NRK Meny
Normal

Fylkesmannen: – Har aldri vore borti maken

Barnevernstenesta i Land svikta i 89 prosent av tilfella, seier ein tilsynsrapport utført av Fylkesmannen i Oppland.

Seinorrådgiver ved Fylkesmannen i Oppland, Jorunn Ødegårdstuen

Jorunn Ødegårdstuen er seniorrådgjevar i Helse- og sosialavdelinga hjå Fylkesmannen i Oppland, og ser svært alvorleg på saka.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Da Fylkesmannen i Oppland gjorde tilsyn med barnevernstenesta i Land, fann dei veldig alvorlege brot med barnevernslova og FNs barnekonvensjon.

Jorunn Ødegårdstuen er seniorrådgjevar i Helse- og sosialavdelinga hjå Fylkesmannen i Oppland, og ser svært alvorleg på saka. Ho summerer opp hovudfunna slik.

– Det mest alvorlege er at barn som lever i ein situasjon som skadar dei, anten fysisk eller psykisk, ikkje får hjelp, seier Ødegårdstuen.

Kor alvorleg er denne saka i nasjonal samanheng?

– Vi har stort sett oversikt over Oppland, men det har vore svært få barneverns-brot på dette nivået på landsbasis. Og her i Oppland har vi aldri vore borti maken, seier Jorunn Ødegårdstuen.

Sikkerheitsnettet svikta

Ødegårdstuen ser særleg alvorleg på dei tilfella der barnevernstenesta sjølv har vurdert barnas situasjon som skadeleg, utan at dei har gjort nokon ting.

Nordre Land Rådhus

Ein førebels rapport er nå sendt kommunen, og de er gjeve frist på to veker til å gi tilbakemelding på denne.

Foto: Sigrid Havig Berge / NRK

– Det er ikkje tvil om at her har barn lidd overlast i kommunen, seier Jorunn Ødegårdstuen.

Ho seier at det som er alvorleg er at ingen veit korleis det står til med desse barna, ikkje eingong barnevernstenesta sjølv. Barnevernstenesta skal vera sikkerheitsnettet til desse barna

– Når sjølve sikkerheitsnettet sviktar, så har desse barna ingen til å ta seg av dei, seier seniorrådgjevar i Fylkeskommunen, Jorunn Ødegårdstuen.

Tek funna på alvor

Jarle Snekkestad, rådmann i Nordre Land, seier at rapporten er ein grundig rapport som slår fast at Land har store utfordringar med å ha ei lovleg og forsvarleg barnevernsteneste.

Jarle Snekkestad

RÅDMANN Jarle Snekkestad forklarer svikta i barnevernstenesta med liten kapasitet og komplekse saker.

Foto: Sigrid Havig Berge / NRK

– Det handlar om å yte ei teneste til barn og familiar som vi må betre, seier Snekkestad.

Rådmannen seier at arbeidet med å rette opp feila er i gang, og at dei har vore i dialog med Fylkesmannen sidan november da dei fyrste resultata vart lagt fram.

Eitt av tiltaka er at Land-kommunane nå har sett av midlar til fire nye stillingar som vil tiltre i mars. Rådmannen vedgår at barnevernstenesta har hatt problem over tid, og at dei har hatt for liten kapasitet.

– Vi er i gang med fleire tiltak for å betre tenesta, seier rådmann Jarle Snekkestad.

Viktig med tilsyn

Statssekretær Kai-Morten Terning i Barne- og likestillingsdepartementet seier at dette viser kor viktig det er med tilsyn. og at Fylkesmannen bidreg til å betre tenesta i kommunane.

– Vi forventar at Fylkesmannen følger opp kommunen, seier Terning.

Det er enda ikkje kome tal som viser kor mange tilsyn som vart gjort i Noreg i fjor. Men statistikken frå Helsetilsynet for 2015 viser at det då vart gjort 965 tilsyn over heile landet. I 41 prosent av tilfella vart det peika på ein eller fleire lovbrot. Hedmark hadde då lovbrot i 61 prosent av tilfella.

Har svikta på alle område

Tilsynet viser at tenesta sviktar på alle område, frå kommunens arbeid med meldingar, undersøkingar, hjelpetiltak og oppfølging av barn i fosterheim.

Kommunen vart gjort kjent med Fylkesmannens funn på eit «sluttmøte» etter tilsynet i kommunen 30. januar i år. Ein førebels rapport er nå sendt kommunen, og de er gjeve frist på to veker til å gi tilbakemelding på denne.

Samstundes held Fylkesmannen fram samarbeidet med kommunane for å sikre at barn i Land-kommunane får forsvarlege barneverntjenester.

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND

Video fra Hedmark og Oppland

Elena fra Lillehammer er opptatt av de små bedriftene
Nils Thore Jansson fra Finnskogen mener mye om mangt, særlig om politikere og sentralisering.
Bar Hassan fra Follebu skal stemme for første gang