Hopp til innhold

Fylkesmannen: – Barnevernet fabrikkerte saksmapper

– Barnevernet i Land fabrikkerte saksmapper, seier Jorunn Ødegårdstuen, seniorrådgjevar hos fylkesmannen i Oppland. No må kommunen svare på skuldingane.

Seniorrådgiver hos Fylkesmannen i Oppland, Jorunn Ødegårdstuen.

ALVORLEG: Fylkesmannen ser svært alvorleg på saka i Nordre Land og vil mogleg politimelde kommunen.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

I 2011 vart det gjennomført tilsyn med barnevernet i Søndre og Nordre Land, der fylkesmannen fann lovbrot og svikt i begge kommunane, som då hadde kvar sine tenester. I Nordre Land var det snakk om blant anna at dei hadde sikra for dårleg dokumentasjon og ikkje gjort tilstrekkelege evalueringar.

Pynta på sanninga

Fylkesmannen følgde opp og hadde møter med kommunen. Kommunen fekk beskjed om å gjere dei tiltaka som skulle til og etterpå gå gjennom og sikre at tiltaka hadde den effekten fylkesmannen forventa. I 2012 sende kommunen brev tilbake at dette var gjort og alt var i orden, ifølge Ødegårdstuen.

Ødegårdstuen og Jarle Snekkestad, rådmann i Nordre Land kommune, stilte til intervju på Dagsnytt 18 i dag. Der kom det fram at fylkesmannen sitt tilsyn i 2016 avslørte at dei tilsette i barnevernet i 2011 hadde pynta på sanninga eller fabrikkert saksmappene.

– Dei tilsette har opplyst at dei vart instruerte i kva dei skulle gjere, seier Jorunn Ødegårdstuen hos fylkesmannen i Oppland.

Dette er heilt nye opplysningar for Nordre Land sin rådmann og øvste leiar for barnevernstenesta. Rådmann Jarle Snekkestad vil heller ikkje kommentere dette noko meir før han har fått fleire opplysningar i saka.

Jarle Snekkestad

PRESSA: Rådmannen vart pressa i debattprogrammet på P2 til å svare på dei nye opplysningane.

Foto: Sigrid Havig Berge / NRK

Vidare jobbar kommunen med å rette opp i tenestene sine og fylkesmannen vurderer å politimelde kommunen.

Svært alvorleg

Direktør i Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, Mari Trommald, seier det er sjeldan ein ser dette omfanget og dette alvoret i tilsynsrapportar. Ho stilte også til debatt i Dagsnytt 18 og seier ein er heilt avhengig av at både fylkesmenn og rådmenn gjer jobben sin.

– Vi må følge opp betre det som skjer i barnevernstenesta. Det er viktig at leiarane følger opp så vi klarer å avdekke om saker blir lagt bort, og om ein klarer å følge opp saker, seier ho.

Dagsnytt 18

ALVORLEG: Direktøren i Bufdir har sjeldan sett så alvorlege saker som i Nordre Land.

Kommunikasjonssjef, Tone Foss Aspevoll i barneombodet meiner ein må gå gjennom tilsynsrutinane og sjå om dei eigentleg er gode nok.

– Tilsynet viser at når nokon melder frå til barnevernet, så må dei ta tak i det. Elles blir barna etterlatne til seg sjølve, og blir gislar i ein situasjon med vald og overgrep over lengre tid. Ein må også gå gjennom tilsynsordninga og sjå om dei er gode nok, seier Foss Aspevoll.

Flere saker fra Innlandet