Hopp til innhold

Frp utfordrer Ap

Skal Frp i Oppland for første gong få to representantar på Stortinget?

Hanne Blåfjelldal

Hanne Blåfjelldal, Oppland Frp.

Foto: Ole Martin Sponberg / NRK

Hanne Blåfjelldal frå Sør-Aurdal er på mange måtar jokeren i den Stortingskabalen veljarane i Oppland skal legge den 14 september. Ho er nummer to på Frp-lista og har lenge vore ein av dei mest markerte politikarane i fylkespartiet.

Framleis sterkt Ap, men…

Som nabofylket Hedmark har Oppland halde fram med å vere eit sterkt Ap-fylke heilt fram til nå. Ved førre val fekk Ap 44,2 prosent av stemmane og fire på Stortinget med førstekandidat Torstein Rudihagen i spissen, Frp har hatt ei jamn auke gjennom åra, og nådde opplandsrekord med 17 prosent i 2005 – men det heldt til berre eitt mandat som gjekk til Thore A Nistad. Høgre fekk inn ein, Olemic Thommessen og Sp fekk inn Inger Enger.

Kampen om sistemandatet

Sjølv om det blir spekulert i tre mandat til Frp gjev ei meiningsmåling i GD i slutten av mai ein peikepinn på kva veg valet kan gå. Den stadfestar at spenninga ved valet i hovudsak er knytt til både det 6. mandatet og 7. mandatet (utjevningsmandat). Høgre fikk utjamningsmandatet både i Oppland og i Hedmark i 2005, og det ligger derfor i sakens natur at det blir spennande om dei kommer inn på nytt i 2009.

Ap held seg rundt 45 prosent, men Frp har auka til 24 prosent! Så held det fram slik, kjem både Morten Ørsal Johansen og Hanne Blåfjelldal inn. Ho trugar ikkje minst Stine Renate Håheim frå Jevnaker som er på fjerdeplass på Ap-lista. Og det er to friske damer som kan møtast til duell. Dei kjem i NRK Hedmark og Oppland – så følg med!

Ein urban kulturpolitikar

Men den same meiningsmålinga i GD viser likevel at den mest utsette er Høgres Olemic Thommessen frå Lillehammer. Han er utan tvil ein av dei meir garva rikspolitikarane våre og i riksmedia blir han rekna som ein sentral kulturpolitikar.

Men spørsmålet er om han får med seg mange nok veljarar når han skal konkurrere med Frp og Ap om samferdsle, innvandring eller distriktspolitikken. Og ikkje minst: Thommessen sin suksess heng i stor grad saman med suksessen til Erna Solberg og resten av partileiinga, og nå i sommar scorer Høgre rekordlågt på partibarometret til NRK.

Sp, SV og V

Ved førre val fekk SP ei oppslutning på 12 prosent. I høve til det hadde partiet ein liten tilbakegang ved meiningsmålinga i mai, men det skal nok eit såkalla ”valskred” til om ikkje Anne Tingelstad Wøien er sikra plassen på Stortinget.

Utover det må vi ta med at det ikkje er lengre sidan valet i 2001 da SV gjorde eit særs godt val i Oppland og Kjetil Bjørklund kom inn på Stortinget. Og partiet er i følgje meiningsmålinga nå om lag like store i Oppland som Høgre, så listetopp Aksel Hagen kan såleist seiast å vere godt med i kampen om 6.mandatet.

Meir tvilsomt er det om V eller Krf når opp, det er mange år sidan dei to partia har hatt representantar på Stortinget. Eit utjamningsmandat er det som kan få Eivind Brenna frå V eller Hilde Ekeberg frå KrF inn.

Veg og tog

Kva saker er det som kan røre opplandsveljarane? Medan politikarane tidlegare hadde eit sterkt fokus på kommuneøkonomi og livet i distrikta våre, har distriktspolitikken nå i stor grad vorte samferdslepolitikk.

I så måte har den sittande regjeringa faktisk greidd å ta eit grep, ved å starte utbetring/fornying/utbygging av E6 gjennom Hedmark og gjennom Gudbrandsdalen. Kvar meter ny veg frå hovudstaden og nordover blir rekna som viktig for næringslivet i Oppland.

Først og fremst Aps Torstein Rudihagen i Samferdslekomiteen og etter kvart også Anne Tingelstad Wøien som i dag er statssekretær i Samferdsledepartementet har satt veg- og baneutbygging i Innlandet på dagsorden. Men alle partia har samferdsle høgt opp som kampsaker, men med noko ulikt fokus.

Frp vil i hovudsak satse på veg, det gjeld E6, Riksveg 4 og Riksveg 16 gjennom Valdres. Og ikkje noko skal finansierast med bompengar. AP og Sp har fokus både på tog og jernbane, medan SV held fast på at ei utbygging av jernbane er førsteprioritet nå.

Skole og næringsliv

Mange veljarar også i Oppland har eit stort engasjement for skole, eller for lågare skatt og for at det skal bli enklare å drive små føretak. Eller engasjementet er for eldreomsorg. Dette er saker som kjem til å bli diskutert nasjonalt.

I den grad veljarar ikkje har bestemt seg ennå, er opplandspolitikarane i stor grad prisgitt korleis deira partileiarar gjer det i media i valkampen. Innvandringspolitikken er også ein slik sak.

Vekst og vern

Men eit tema som dagleg vekker engasjement er spørsmålet om kven som skal ha siste ord i forvaltninga av dei store nasjonalparkane og statsalmenningane i Valdres og Gudbrandsdalen?

Kommunepolitikarane meiner i stor grad at lokal forvaltning best sikrar fornuftig bruk både til friluft og næringsformål. Men det raud-grøne Miljøverndepartementet og Fylkesmannen stopper fleire planar om turisme og hyttebygging fordi det kan vere i strid med det som heiter langsiktige verneinteresser. Det gjeld til dømes forvaltningsplanen for Rondane og fjerning av Snøhettavegen på Dovrefjell.

Dei lokale politikarane er i desse sakene ofte i opposisjon til dei nasjonale partia. Det kan vere ein årsak til at stortingspolitikarane rører seg varsamt i dette farvatnet, dei er ofte i krysspress mellom verneomsynet og dei nasjonale interessene og omsynet til sine veljarar i Oppland.

Innlandet

Ein interessant politisk sak i Oppland er også kor langt samarbeidet med Hedmark skal gå. Ap og SV på fylkesnivå har stått på for ei samanslåing eller i alle fall eit tett samarbeid. Men etter at regjeringa skrinla regionreforma er arbeidet tungt – og opplever mange opplendingar at Hedmark trekker det lengste strået i samarbeidet?

Er eit Innlandsuniversitet til nytte for opplandssamfunnet sjølv om administrasjonen blir lagt til Hamar? Og kva med Sjukehuset Innlandet?

Frp er det einaste partiet som tydeleg har sagt at dei ikkje ønskjer eit slikt tett fylkessamarbeid. I Hedmark har også Høgre uttalt dette klart og tydeleg.

Les også fylkesanalysen for Hedmark: Fortsatt rødgrønn dominans

Flere saker fra Innlandet