Ein symaskin summar i eit klasserom ved Olstad skule i Gausdal. Men det er lenge sidan sist det var undervisning i forming i desse lokala.
Skulen vart nemleg lagt ned i 1998. Men etter 7 år meir eller mindre i dvale, er det nå liv att ved Olstad skole i Gausdal.
I fjor selde kommunen eigendommen skulen ligg på for ei krone.
Gausdalsdesign til utlandet?
Etter det er det investert fleire hundre tusen kroner, og i alt fem ulike firma har etablert seg i lokala og skaper nye arbeidsplassar.
Ei av dei er klesdesignar Sølvi Høibakken. Det er ho som har etablert seg med symaskinen sin i eitt av klasseromma.
Her blir det skapt klede ho håpar skal falle i smak både hos klesbevisste nordmenn og utlendingar som kanskje vil ha noko orginalt.
Skaper eigen arbeidsplass
For henne er det ikkje er noko ulempe å ha såpass stor avstand til marknaden.
Målet til Høibakken er å skape sin eigen arbeidsplass, men går det bra kan det bli behov for meir arbeidskraft.
Klesdesignaren er ikkje den einaste som satsar på å skape seg eit levebrød ved den nedlagde skulen. Odd Arne Holslien arbeider for fullt i sitt eige datafirma. Snart kjem det også eit lydstudio.
Glasdesign og måleri
I det som før var sløydsal held ein glasdesignar og ein målar hus. Sigrid Blekastad satsar på å lage dekorative glasruter i fleire farger.
I andre enden av sløydsalen jobbar Terje Dannemark med eit nytt bilde. Den tidlegare keramikaren gjekk litt trøytt av leira. Nå festar han kunsten til lerretet, og han har teke med seg mykje av keramikken over i bilda sine.
Kanskje er den aktiviteten vi ser i dag berre starten på ein ny æra ved Olstad skule.