NRK Meny
Normal

Full rulle i bakstebua

VÅGÅMO (NRK): – Heimelaga potetlefser er snart sjeldan vare, seier den 74-årige vagværen Kjell Løkken, som drar ei damestrømpebukse på kjevlet når han baker.

Kjell Løkken baker potetlefse på gamlemåten i sitt eget bakstehus i Vågåmo

FINGERFERDIG: Potetlefsebakar Kjell Løkken (74) lærte lefsekunsten på åttitalet. Nå lærer han bort til andre.

Høgt oppi lia i Vågåmo, der vintersola så vidt når tømmerstua, inviterer Kjell inn til lefsebaking.

Den nevenyttige altmoglegmannen har traska mykje mellom husa sine oppigjennom åra for å få unna alle gjeremåla.

Vart lei av å måtte spørje folk om å få kjøpe lefse

Løkken er så glad i potetlefse at han melde seg på bakekurs i 1984, da sambygdingen Else Brun lærte bort det ho kunne. Etter kvart har Kjell sjølv kursa andre i lefsekunsten, og mange stikk innom når dei ser røyken frå den vesle tømmerstua hans.

Lefsekanten

FIN I KANTEN: Kjell Løkken vil ha lefser som ikkje sprekk under steikinga.

– Potetlefser er snart sjeldan vare, seier den store mannen mens han jobbar krumbøygd over benken. Kjell liker å ta med lefser når han drar på besøk, heller enn blomster.

Steiking av potetlefser

LUFTIGE LEFSER: Deigen lages av potet, mjøl og salt, og skal steikes på veldig varm takke.

Kjell Løkken har ikkje tenkt å sette på bremsene enno, trass hjarteoperasjon i 2009 og at kona blei kronisk sjuk for nokre år sia. Han står for all matlaginga i heimen etter at kona Marit vart så gløymsk.

– Dette er ikkje nokon kunst, berre hardt arbeid

Det seier tusenkunstnaren som fekk utdanninga si ved formingslærerskulen på Blaker i si tid og som ville ha søkt seg inn på kunst- og handverkskulen om han fekk byrje på ny.

Kjell ved bakstebua

STOR MANN I LITE HUS: Kjell Løkken holder seg i form med ulike aktiviteter i småhusa på tunet

Foto: Ruth Barsten / NRK

Han har og vore bilmekanikar, fiska i Lofoten, køyrt drosje, drevet brukskunstbutikk, smidd lamper for Arne Brimi på Vianvang og produsert hundrevis av keramikkbilder- og fat til premier og sal. Og laga scenografien til musikalene på Otta.

I hovudhuset der han bur i lag med kona si Marit, har han mørkerom og eit rikhaldig fotoarkiv. Ikkje rart at han måtte bygge seg diverse verkstader på tunet og altså et eige bakstehus.

Kjevlar potetlefsa med ei damestrømpebukse

Lefsebaking, kjevler

KJEVLA TIL KJELL: Kjell jobbar først med det breie rutakjevlet, etterpå kjevles finpussen med damestrømpebuksa (yttarst til venstre)

Foto: Ruth Barsten / NRK

– Lefsebaking er meir arbeid enn kunst, seier Løkken. I dag brukar han cirka åtte timar på 30 lefser.

Dei store arbeidsnevane handterer kjevla lett, men nokre av kjevlene får stå urørte.

– Dei to smalaste fekk eg i posten, men dei er berre for små kvinnfolkhender, seier Kjell Løkken. Kjevlet han likar best må vere minst 10 cm i diameter, og han bruker to typar. Ei kjevle med rutemønster når leiven skal bli stor og rund, og ei kjevle trekt med ei damestrømpebukse, for den siste finpussen før steiking.

Lefse-logg og historier i taket

74-åringen lager både lefser og hardbrød (flatbrød) og all produksjon blir nøye registrert, oppunder taket i bakstehuset. Med sirlege pennestrøk blir dato og mengde rissa inn i treplankane. I dag har han planlagt 90 lefser, og Kjell gjennomfører det han har planlagt.

Lefsebakerens logg

LEFSEDAGBOK: Kjell liker å ha oversikt og skriver opp dato og mengde både på takplankene og i bok.

Foto: Ruth Barsten / NRK

Nyleg hadde Kjell selskap av sonesonen og tre andre 9.klassingar ved bakstefjøla. Dei har lært seg kunsten, og det resulterte i 26 digre lefser som dei selde på skulen.

– Potetlefsene passar til alt, avslutter Kjell Løkken, som et lefse med brunost på, eller ilag med både lutefisk og mårpølse. Når han har tid.

Les også: Baker lefser i garasjen

Les også: – Lefsebaking er kunst som må øves opp

Koster til lefsebaking

GAMLE KOSTER: Kjell Løkken vil ikkje ha mjølrestar i lefsene. Gamle skrubbekoster gjer nytta si på potetlefsene fra Vågåmo.

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND

  • Glatt på riksvei 3

    Det ble meldt om svært glatt på riksvei 3 i går kveld på grunn av underkjølt regn. Trafikken sto stille flere steder, ifølge politiet. Statens vegvesen var ute med alle sine mannskaper for å strø på veien.

  • Ulykke ved Mjøsbrua

    Tre personer ble kjørt til sykehuset etter en ulykke på riksvei 4 ved Mjøsbrua ved 23-tida i går kveld. Ifølge politiet er skadeomfanget ukjent, men bilene fikk store materielle skader. Ulykka skjedde da en bil kjørte inn i en annen bakfra.

  • Hadde ikke førerkort

    En mann i 40-årene ble i natt anmeldt for å ha kjørt bil uten gyldig førerkort. Han oppga falsk personalia til politiet og blir også anmeldt for dette.