Hopp til innhold

Full forvirring om alkohollova

Russen får ikkje lengre ha med seg alkohol på russearrangement, og politiet fryktar dei no mistar kontrollen i russetida.

Russ

INNSTRAMMINGAR: Politiet blir truleg strengare i handhevinga av alkohollova som seier at det er forbode å nyte alkohol i offentlegheita.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

– Vi har alltid hatt avgrensa skjenkeområde der russen ikkje får ha med seg drikke inn eller ut. No må vi gjere heile festivalområdet om til skjenkeområde, seier Lars Nes som arrangerer landstreff for russen på Lillehammer.

Tidlegare har russen fått ha medbringa alkohol i bilane sine i området utanfor skjenkestaden, altså parkeringsplassen og campen. No blir det slutt på det fordi russetreffa blir definert som offentleg stad som er open for alle sjølv om området er inngjerda.

Bad om presisering

Brev frå politidirektoratet

BREV: I brevet frå politidirektoratet til alle politidistrikta kan det sjå ut som det blir innstrammingar også på andre arrangement som festivalar og konsertar, ikkje berre russetreff.

brev frå politidirektorat

PRESISERING: Prosessen starta då Halden kommune bad om råd til korleis dei skulle handtere alkohollova ved landstreffet sitt.

Alkohollova seier at det ikkje er tillate å drikke alkohol på offentlege plassar. I januar spurte Halden kommune politidirektoratet om synspunkt og informasjon om korleis ein skulle handheve alkohollova under russetreff på Fredriksten festning.

Helsedirektoratet fekk delegert ansvaret med å tolke alkohollova, og definerte Fredriksten festning som ein offentleg plass. Dermed vart det sendt ut ei presisering til alle politidistrikta som seier at ein skal handheve lovverket strengare enn det er blitt gjort tidlegare ved arrangement som russetreff.

– I Halden bad dei om presisering i staden for å gå i dialog med arrangørane, slik vi har gjort på Lillehammer. Det er trist at vi blir skadelidande, seier politiførstebetjent, Tord Linnerud ved Lillehammer politistasjon.

Lillehammer-politiet seier dei har hatt eit godt samarbeid med arrangørane av russetreffet der i mange år og har hatt få problem med russen tidlegare. No trur dei det blir vanskelegare å ha kontroll over russen med desse innskjerpingane.

– No veit vi ikkje ein gong kor russen planlegg å ha russedåpen sin, seier Linnerud.

Urettferdig

Sjølv om lova er tydeleg, er det opp til dei enkelte politidistrikta korleis dei vil handheve dette innanfor lova. Politiet på Lillehammer vil følge dei retningslinjene som no er gitt. Men i Oslo og Bø i Telemark vil dei ikkje høyre på Helsedirektoratet i år.

– Det er urettferdig at nokon får sleppe unna dette. Det kan ikkje vere slik at vi må stelle oss til lova og ikkje andre, seier Lars Nes.

Lars Nes

FRUSTRERT: Lars Nes er frustrert over forskjellsbehandlinga.

Foto: Reidar Gregersen / NRK

Helsedirektoratet seier dei har ansvar for å tolke lova på generelt grunnlag og at dei berre har teke utgangspunkt i russearrangementet i Halden.

– Det må vere opp til politiet og arrangørar på den enkelte plassen korleis dei vel å handheve alkohollova, seier Øyvind Giæver i Helsedirektoratet.

Fryktar ei travel tid

Polititjenestemann Tord Linnerud foran en tunnel i Lillehammer

HAR IKKJE RESSURSAR: Tord Linnerud i politiet på Lillehammer trur ikkje det vil la seg gjere å handheve lovverket så strengt ved alle offentlege arrangement.

Foto: Alexander Nordby / NRK

I brevet frå Politidirektoratet står det at det er ønskeleg at ulike arrangement møter dei same rammevilkåra og ikkje berre russetreff. Politiførstebetjent, Tord Linnerud på Lillehammer politistasjon, fryktar at dei no blir nøydd til å patruljere campingplassar og festivalcampar i sommar.

– Skal vi ta alle som sit utanfor campingvogna si og drikk ei øl? Korleis skal vi greie å løyse handhevinga av dette? Om dei held seg til denne tolkinga har dei sett oss i sjakkmatt, seier han.

Flere saker fra Innlandet