Fylkesleiar Morten Ørsal Johansen seier dei er lei av at staten ikkje held det dei lovar i høve til skatteinntekter og kompensasjon for auka momsutgifter.
Under press
- Vi meiner at kommunane kan effektivisere meir enn dei gjer i dag. Men skal vi klare den jobben i kommunane, må staten halde det dei lovar, seier Ørsal Johansen.
Framstegspartiet skal ha landsstyremøte snart, der dei skal drøfte krava som blir sett til regjeringa i samband med tingingane om statsbudsjettet.
- Innspelet frå oss om skatteinntekter og moms, er berre noko av det vi har drøfta i Oppland FrP, seier fylkesleiaren.
Penger må spares, noe som frustrerer FrP i Oppland.
Er lei
Ørsal Johansen seier lokale Framstegsparti-politikarar byrjar å bli lei av kommunal armod.
- Det er klart at vi er budd på å gjere ein jobb. Men når ein part, altså staten, ikkje følgjer opp dei lovnadene dei kjem med, blir det vanskeleg, seier Ørsal Johansen.