Hopp til innhold

Frossen frosk går verda rundt

Den var akkurat for seint ute når vinteren plutseleg kom. Svein Nordrum har teke bilete av ei av naturens vakre tragediar. Nå går det verda rundt.

Frossen frosk

Vakker tragedie: Frosken rakk ikkje å kome seg til land da vinteren kom.

Foto: Svein Nordrum

Fotografen kom over den fastfrosne frosken medan han var ute og gjekk på skeiser på Bindingsvatnet i Akershus.

Det var i november, like etter at den fyrste kulda hadde sett inn, og vatnet var dekka av klår is.

– Isen la seg veldig raskt, i løpet av ein dag eller to. Så den har antakeleg vorte overraska av kulda, og prøvd å finne vegen attende til eit hol i isen eller myra. Han hadde stivna i rørsla, og delar var dekt av iskrystallar. Det var eit spesielt syn, fortel Svein Nordrum.

Dette er ikkje det einaste dyret som har fått problem med isen i vinter, i Valnesfjord fraus ein elg fast i isen, og på Lovund vart ein heil stim med småsei funnen fastfryst.

– Tragisk, men vakkert

Fotografen, oppvaksen på Koppang, sende inn bileta til ei stor fotokonkurranse i regi av National Geographic. Dei kom til finalerunden, vart oppdaga av eit engelsk nyheitsbyrå og har vorte publisert i mange store nettaviser som Huffington Post og Daily Mail.

– Eg har aldri vore borti liknande motiv, og det blir noko lenge til eg gjer det au. Det var ei heilt spesiell oppleving.

Til nettstaden harvest.as fortel han at det skal finnast ein frosk i Canada som overvintrar ved å la seg fryse ned. Når våren kjem tinar den opp att og lev vidare. Det er nok ikkje tilfelle for denne frosken, som nok vart mat for fuglar eller rovdyr.

– Det var noko uverkeleg over den. Tragisk, men samtidig vakkert, seier Nordrum til nettstaden.