NRK Meny
Normal

Har prøvd to gonger før – nå kan dei bli gift på nytt

Asbjørn Myrvang var ordførar førre gongen Sør-Fron og Nord-Fron var ein kommune. Det ende med bitter skilsmisse. Denne gongen trur han ekteskapet vil vare.

Asbjørn Myrvang

Asbjørn Myrvang ser ut over dei to kommunane han ein gong var ordførar for. Han har tru på at ei samanslåing av kommunane i midt-Gudbrandsdalen er vegen å gå.

Foto: Reidar Kjæstad / NRK

– Eg har prøvd Fron kommune før. Det gjekk både godt og ikkje godt.

Asbjørn Myrvang (83) står på utsiktspunktet Pyntaberget og ser ut over dei midtre delane av Gudbrandsdalen. I botnen av dalen renn Gudbrandsdalslågen grøn og fredeleg, relativt likegyldig til debattar om kommunestruktur og samanslåing.

Men folka her er vant til kommune-ekteskap og etterfølgjande skilsmisser.

Slått saman og delt att

Det heile starta da kommunen Fron vart oppretta i 1837, men delt i to berre 15 år seinare. I datidas store kommunereform i 1966 vart kommunen på ny slått saman, men det gjekk ikkje lenge før murringa starta.

Sterke krefter meinte at den nye storkommunen ikkje fungerte, og at for mykje vart sentralisert til Vinstra. Ei folkerøysting i 1972 synte at 85 prosent av innbyggjarane i Sør-Fron ønska ei deling.

I 1976 vart Asbjørn Myrvang valt til ordførar for Arbeidarpartiet.

– Det var eit interessant år på mange måtar. Sjølvsagt vart det noko dramatisk etter kvart når vi skjønte at forslaget om å dele kommunen kom til å bli teke alvorleg.

Stortingspolitikarane høyrde på argumenta frå Fron og ni andre samanslåtte kommunar, og valte å på ny dele dei i to. Myrvang legg ikkje skjul på at han meiner det var ei feil avgjerd.

– Det skulle ikkje ha skjedd, etter mi meining. Vi var i ferd med å få til ein god kommune midt i Gudbrandsdalen med bortimot 10.000 innbyggjarar. Vi hadde mange gode planar. Delinga vart ein nedtur for mange.

Nytt forsøk?

Nå tyder mykje på at ekteskapet mellom Sør-Fron og Nord-Fron kan få ein ny sjanse, kanskje også saman med Ringebu. Dei aller fleste partia i Fronskommunane går for ei slik løysing, og den tidlegare ordførar Myrvang støttar tanken.

– Det er tre kommunar som har hatt eit godt samarbeid, politisk og kulturelt, dei siste åra. Dei ligg såpass tett at eg ikkje tykkjer det er rart at mange pratar om ei kommune.

– Stiller du opp att som ordførarkandidat dersom det skjer?

– Eg må innrømme at nå har eg vorte for gammal. Men det blir ei kolossalt interessant oppgåve for den som skal ta fatt, det er mykje å bygge på.

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND