I sommar vart det analysert vassprøver frå tre ulike stadar i Mjøsa der det er dumpa ammunisjon.
Målet med overvakinga har vore å kartleggje om det har lekt kjemikaliar frå den dumpa ammunisjonen.
Statens forurensningstilsyn, SFT meiner det er nødvendig å følgje utviklinga, og pålegg Forsvarsbygg ny overvaking i 2007.
Basert på overvakingsresultata frå 2004 vurderer SFT at miljøtilstanden i Mjøsa er akseptabel med omsyn til miljøkonsekvensane av den dumpa ammunisjonen i dei aktuelle områda.