Kenyanske Maathai fekk Nobels fredspris i fjor for sin innsats for demokrati og fred gjennom organisasjonen "The green belt movement" som starta skogplanting i Afrika..
Omstridd
Det var omstridd at Wangari Maathai fekk prisen, fordi ein ikkje kan måle arbeidet i forhold til å oppretthalde fred mellom ulike partar.
Maathai vart fødd i 1940 i byen Nyeri i Kenya. Etter å ha studert biologi både i Kenya, USA og Tyskland, vart ho i 1971 den fyrste kvinna i Kenya med doktorgrad.
Ho vart og den fyrste kvinnelege professoren Universitetet i Nairobi.