Bakgrunnen er at departementet har gjeve eit års dispensasjon frå friskolelova som hindra skolen i å ta inn vaksne elevar. Skolen hadde berre vaksne søkjarar, og dispensasjonen inneber altså at skolen nå er sikra verksemd i eit år framover.
Tilfreds styreleiar
Det er senter for bygdekultur som har søkt om løyve, og styreleiar for Handverksskolen Egil Ulateig er svært glad for at departementet har sagt ja.
- For handverkskolen betyr dette alt for at vi skal koma i gang, seier Ulateig.
Nye planar
Og han har allereie spennande planar klare for framtida på Hjerleid.
- Vi har store idear om at skolen i framtida kan bli eit senter for handverksundervisning i spesielle fag.