Hopp til innhold

Frå Beijing til Lillehammer for å lære

I dag kom ein delegasjonen frå OL i Beijing til Lillehammer for å lære om korleis norsk Røde Kors jobba under OL i 1994.

Delegasjon frå Beijing

Dei seks leiarane vil særleg lære om sanitet, og korleis Røde Kors og hjelpekorpsa jobba med hendingar under eit stort arrangement som OL.

Foto: Elin H. Jorstad / Privat

Det er 23 år sidan OL på Lillehammer, likevel meiner dei at dei har mykje å lære av OL-byen. Alle dei seks som i dag kom til Lillehammer hotell, skal ha roller knytt til gjennomføringa av OL i Beijing 2022. Ein av dei er generalsekretær i Beijing Røde Kors, Yang Jingbin.

– Vi er her for å erverve meir erfaring av det suksessrike OL i 1994. Vi ynskjer å få meir erfaring om organisering av redningsaksjonar, seier talsmann Yang Jinbin.

Bejing-delegasjon på Lillehammer

Ein delegasjon frå Beijing Røde Kors kom i dag til Lillehammer for å lære om korleis norsk Røde Kors jobba under OL i 1994.

Foto: Even Lusæter / NRK

Kommunikasjonsrådgjevar i Oppland Røde Kors,Elin H. Jorstad, skal fylgje dei rundt i OL-anlegga, og i dag skal dei mellom anna til Hafjell.

Skal få øynene opp for vintersport i Trysil

– Vi veit ikkje så mykje om dei, men vi veit at dei ynskjer å koma hit for å lære om korleis Røde Kors jobba under OL, seier Jorstad.

Elin H. Jorstad

Kommunikasjonsrådgjevar i Oppland Røde Kors, Elin H. Jorstad, skal fylgje dei rundt i OL-anlegga, og i dag skal dei mellom anna til Hafjell.

Foto: Even Lusæter

Dei seks leiarane vil særleg lære om sanitet, og korleis Røde Kors og hjelpekorpsa jobbar med hendingar under eit stort arrangement som OL. Og i dag skal dei blant anna opp på Øyerfjellet for å sjå på utstyret hjelpekorpsa nyttar.

– Vi håpar å få mykje informasjon om korleis ein jobbar med opplæring av frivillige funksjonærar og tilsette, seier Yang Jingbin.

Vil ha 300 millioner kinesere ut på ski

Vil vise hjelpearbeid i praksis

På Øyerfjellet skal dei vera i hytta til Øyer og Tretten Røde Kors og få sjå korleis hjelpekorpsa jobbar med redning i praksis.

Yang Jinbin

Yang Jinbin er generalsekretær i Beijing Røde Kors og talsmann for delegasjonen som i dag kom til Lillehammer.

Foto: Even Lusæter / NRK

– Vi ynskjer å utveksle erfaring, få opplæring og informasjon frå her, seier Yang Jingbin.

Ove Syslak, som hadde ei sentral rolle innan sanitet under Lillehammer-OL, vil vera der å fortelja om sine erfaringar frå 1994.

– Vi skal køyre skuter inn på Øyerfjellet og vise fram utstyr og øvingar der, seier Jorstad.

Kina kontaktet Norges Skiforbund: Vil ha norske trenere

Gode på søk og redning

Det har vore mange OL sidan 1994, men Jorstad er stolt av at Kinesarane vel å koma nettopp hit, og trur det skuldast at vi i Noreg er langt framme på søk og redning.

– Vi har store fjellområde i Noreg, og dei tenkjer nok at vi er veldig gode på sanitet, seier Jorstad.

Elin H. Jorstad seier at besøket er ei fjør i hatten for både Lillehammer og Røde Kors.

– Rundt om i verda framstår nok OL på Lillehammer framleis som eit fantastisk OL, seier Jorstad.

Kina vil at befolkningen skal lære om vintersport før OL i Beijing i 2022. I Trysilfjellet inntok den første asiatiske turistgruppa bakkene denne uka.