Torsdag formiddag vart Vegforum Innlandet stifta.
Lovar resultat
Målet er å samle næringslivet og politikarane til felles kamp for betre vegar.
Dei vil også ha fleire vegutbyggingar i Hedmark og Oppland.
- Det er sett av pengar til riksveg 4 og europaveg 16 i Oppland, samt europaveg 6 og riksveg 2 i Hedmark, seier John Retzius i NHO i Hedmark og Oppland.
- Mange aktørar har lenge jobba for å skaffe meir pengar til vegane i innlandet, og Vegforumet skal sørge for at det blir resultater av arbeidet, lovar han.
Felles kamp
Deltakarane i det nystarta vegforumet er organisasjonar innan næringsliv og arbeidsliv. Samt transportbrukarar og bilistorganisasjonar.
Etableringa for betre vegar skjedde på eit seminar i Hamar torsdag.