NRK Meny
Normal

Forsvaret satsar på cybersoldatar

Den framtidige krigen pågår gjerne bak tastatur og dataskjermar. Nå vil Forsvaret utdanna betre cybersoldatar og utvidar tilbodet ved Forsvarets ingeniørhøgskole frå tre til fire år.

Cyberforsvaret

Forsvaret vil ha fleire soldatar med ingeniørutdanning.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

Forsvarsminister Ine Eriksen Søreide hadde fylt stridsvesten med pengar og gode nyheiter og tok turen til Lillehammer i dag. Der vart det endeleg kunngjort at ingeniørutdanninga på Jørstadmoen blir utvida frå tre til fire år.

– Det gjer vi for auke statusen, betre djubdekunnskapen og for å kunne rekruttere og halde fleire av desse i det militære. Dette er ein kritisk kompetanse i Forsvaret, seier Søreide.

Inkludert plikttenesta blir utdanninga til saman forlenga frå seks til åtte år, noko som også betyr at dei får offisersgrad. Dette er fyrste gong offiserar blir utdanna i Oppland.

På Jørstadmoen blir det nå offisersutdanning av cybersoldater. På grunn av trusselnivået mot Norge satses det på enda bedre utdanning.

Samarbeider godt

Ho seier at ho ofte nyttar denne skulen som eit godt døme på samarbeid mellom militære og sivile utdanningsinstitusjonar.

– Dei samarbeider godt med høgskolen i Gjøvik, høgskolen i Lillehammer, universitetet i Oslo og utanlandske utdanningsinstitusjonar. Det betyr at dei kan konsentrere seg om å heve den militærfaglege kompetansen, så hentar dei inn lærekrefter utanfrå til dei sivile faga. Slik vil eg gjerne at fleire institusjonar i Forsvaret gjer.

Cyberforsvaret har ansvaret for å drifte og forsvare all kommunikasjon og informasjonsinfrastruktur som Forsvaret nyttar i Noreg og under operasjonar i utlandet. Leiar for cyberforsvaret, generalmajor Odd Egil Pedersen, seier at utvidinga av ingeniørutdanninga er ein anerkjenning av det opplegget dei har på Jørstadmoen.

Han meiner det også er viktig at dei nå kan utdanne offiserar ved skulen.

– Fram til nå har det vore vanleg å gå krigsskulen for å bli yrkestilsett i Forsvaret. Nå kan ein også gjere det ved å ta ingeniørutdanninga her og jobbe i Cyberforsvaret.

Åpning av Cyberforsvaret på Jørstadmoen

Cyberforsvaret opna på Jørstadmoen for to år sidan.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND

Video fra Hedmark og Oppland

Elena fra Lillehammer er opptatt av de små bedriftene
Nils Thore Jansson fra Finnskogen mener mye om mangt, særlig om politikere og sentralisering.
Bar Hassan fra Follebu skal stemme for første gang