Ungane i Ringelihorn Steinerbarnehage på Lillehammer leikte som vanleg i dag. Men leikearealet er litt mindre enn normalt.
Nå får ikkje ungene gå lenger enn til eit stort blått tau som sperrar av plassen. Nokon har nemlig forgifta både jord og tre i barnehagen.
- Mangel på respekt for barn
- Det vitnar om mangel på respekt og omsorg for barn, seier pedagogisk leiar Liv Inger Heggland Nilsen. Ho er oppgitt over det som har skjedd.
Ferske trestumpar står att ute på leikeområdet, grunnen er at nokon har bora i røtene til trea og hatt i rein gift av typen Roundup.
Gudbrand Skinnerlien er helsevernrådgjevar. Han vart kontakta då personalet ved barnehagen merka noko uvanleg i fjor. Prøvene han tok var greie, trea var rett og slett forgifta.
- Det er blant anna augeirriterande, og ein skal nytte verneutstyr når ein bruker stoffet, seier Skinnerlien.
Dyre giftprøver
Berre å ta giftprøvene kostar barnehagen 20 000 kroner, i tillegg må jorda fjernast og leverast som spesialavfall. Foreldrerepresentant i styret for barnehagen, Stefan Østgård, tykkjer det heile er meiningslaust.
- Det er ikkje sikkert vedkomande som har gjort dette forstår rekkevidda. Det får jo konsekvensar både for barna, dei tilsette og foreldra, seier Østgård.
Forgiftinga er meldt til politiet, men saka er lagt til sides på grunn av manglande bevis. Dei tilsette ved barnehagen liker ikkje at den eller dei som har gjort det går fri. Men nå vil dei plante nye tre...