NRK Meny
Normal

Foreslår Sommerfeldt som ny biskop

Kapellan Ole Jacob Nyhus i Østre Toten foreslår generalsekretær i Kirkens Nødhjelp, Atle Sommerfeldt, som ny biskop i Hamar.

Atle Sommerfeldt, generalsektær i Kirkens Nødhjelp.
Foto: Knut Fjeldstad / Scanpix

Dimed er det foreslått to kandidatar til biskop-stillinga, i tillegg til dei fem som Hamar bispedømmeråd har foreslått.

Nyhus har no sendt ein e-post til alle prestar, kateketar og diakonar i bispedømmerådet.

Frå før har Hamar bispedømmeråd foreslått Sevat Lappegard, Solveig Fiske, Per Otto Gullaksen, Knut Andresen og Berit Lånke som kandidatar.

Ole Jacob Nyhus
Foto: Jorun Vang / NRK

God kandidat

- Han kan tilføre bispedømmet mykje. Ikkje minst i høve til arbeidet for verdas fattige. Han kan og vere ei kritisk røst til brukarsamfunnet. Ja, på mange måter er han uredd for å stå på dei fattiges side. Der er han ein mann av format, seier Nyhus.

Ny kandidat

Atle Sommerfeldt har vore generalsekretær i Kirkens Nødhjelp frå 1994, og før dette var han i Mellomkirkelige Råd. Han er utdanna teolog frå Det teologiske Menighetsfakultet.

Dette er den andre kandidaten som er foreslått i tillegg til dei fem frå Hamar bispedømmeråd.

Rektor ved Menighetsfakultetet, Halvor Nordhaug, er foreslått av fleire prestar som meiner det har vore ein smal bispenominasjon.