Hopp til innhold

Foreldrepar sikta for å ha forgifta dotter

Ei ung kvinne ligg på sjukehus med livstrugande skader etter å ha fått i seg eit stoff som kroppen ikkje toler. Politiet trur foreldra står bak.

Politihuset i Innlandet

FORELDRE SIKTA: Innlandet politidistrikt etterforskar eit foreldrepar i Oppland etter at dottera har vorte livstrugande sjuk.

Foto: Per Magnussen / NRK

På intensivavdelinga på eit sjukehus i Innlandet, ligg ei ung kvinne og kjempar for livet. Ifølgje politiet er det no femte gongen på få månader ho er livstrugande sjuk etter å ha fått i seg ein medisin kroppen hennar ikkje toler.

Korleis ho har fått i seg stoffet, er det politiet skal finne ut av.

Politiet starta etterforsking i midten av november då dei fekk bekymringsmelding frå sjukehuset om kvinnas helsetilstand. Blodprøver synte då eit antibiotikum i blodet som kvinna reagerte svært negativt på.

Portrettbilde av Marte Johansen

– I denne saka er det heilskapen som gjer at mistanken er mot foreldra, seier politiadvokat Marte Johansen i Innlandet politidistrikt.

Foto: Jorun Vang / NRK

Blodprøvene og avhøyr, særleg av fagfolk rundt kvinna og ekspertar på denne typen medisin, gjorde at politiadvokat Marte Johansen i Innlandet politidistrikt no har sikta foreldra for å ha forgifta dottera.

– Vi undersøker motivet, og veit ikkje om stoffet er gitt med overlegg eller i vanvare, seier Johansen.

Dei er likevel sikre på at foreldra er innforstått med at dottera vert dårleg av medisinen.

Foreldre gjer alt for dottera

Foreldra seier til NRK at dei har kjempa for dottera heilt sida ho vart råka av ME i 2004. Dei har brukt alt av tid og pengar for å få dottera frisk, og meiner dei har gjort alt dei kunne for å hjelpe henne.

Dei seier at stoffet som er funnet i blodprøvane, ikkje er noko dei har gjeve henne. Dei meiner saka må ha ein annan forklaring, og ser ikkje bort ifrå at det kan ha ein samanheng med eit behandlingsopphald i utlandet.

Ida Helene Braastad Balke

– Dei har kjent seg makteslause når dei har sett korleis dottera har vorte dårlegare år for år, seier familiens advokat Ida Helene Braastad Balke.

Foto: Ragnhild Moen Holø

– Når dei har prøvd alt utan nytte, har foreldra tydd til eksperimentell behandling i utlandet for å sjå om det kan hjelpe dottera, seier foreldras advokat, Ida Helene Braastad Balke.

Ho seier foreldra ikkje er einige i siktinga, og fortvila over at dei ikkje har greidd å skaffe den hjelpa dottera treng.

Avgrensa besøk

Politiadvokat Marte Johansen seier dette er ei alvorleg og vanskeleg sak. Medisinsk er det vanskeleg, ettersom stoffet som er funnet i blodet, er eit stoff som ikkje nyttast mykje i Norge. Saka er vanskeleg også juridisk og menneskeleg, seier Johansen.

Politiet vil halde fram med avhøyr og tekniske undersøkingar.

Foreldra får sjå til dottera på sjukehuset to gonger i veka. Dei kroppsvisiterast på veg inn, og har følgje av politiet. Besøket er tidsavgrensa til ein time kvar gong.

Forsvararen seier at sjølv om foreldra ikkje får ha kontakt med dottera, meiner dei at dottera har vorte verre. Braastad Balke seier foreldra er opptekne av at dei framleis får ha kontakt med dottera, og at etterforskinga vert gjort grundig.

NRK har også snakka med dotteras verge og bistandsadvokat i denne saken.

Flere saker fra Innlandet