Hopp til innhold

Forbanna på banken

Musikar Kristin Sevaldsen har ikkje råd til å kjøpe leilegheita si på Dampsaga ein gong til.

Kristin Sevaldsen er ei av dei som bur på Dampsaga
Foto: Stig Carlo Helstrøm / NRK

Alt tyder på at det går mot ei løysing for dei som bur i det konkursramma burettslaget Dampsaga på Lillehammer. Dei 40 leilegheitene kan truleg leggjast ut for sal på nytt.

Men ikkje alle har råd til å kjøpe leilegheita si to gonger. Kristin Sevaldsen er ei av dei.

Går til bankklagenemnda

Burettslaget gjekk konkurs for litt over eit år sidan, og mange kjøper nå leilegheita si for andre gong. Det har ikkje Kristin Sevaldsen råd til, for ho får ikkje lån i banken. Etter å prøvd dialog med DnB NOR, vel ho nå å gå til bankklagenemda.

Sevaldsen meiner DnB NOR skulle frarådd henne å låne pengar første gongen, og nå er ho fortvila og forbanna.

- Eg synest banken har behandla meg forferdeleg dårleg, seier ho. - Her viser det seg at dei sit med kunnskapar om prosjektet som dei ikkje legg fram, og som dei ikkje informerer meg om.

Dampsaga
Foto: Gard Brox Jensen / NRK

Synd at det gjekk slik

DnB NOR vil ikkje svara på spørsmålet om denne konkrete saka. Men banksjef Hallvor Møllerløkken seier det er svært beklageleg at ikkje alle kan kjøpe leiligheita si på nytt.

- Men prosjektet har vore spesielt på alle måtar, og det er synd at det gjekk som det gjekk, seier han.

Les: Løysing for dampsaga

Flere saker fra Innlandet