Hopp til innhold

Folldal knuser Tynset

Natt til tysdag var det 32,4 minusgrader i Folldal. Det er den lågaste temperaturen i heile landet denne vinteren.

Folldal

NORMAL VINTERTEMPERATUR: Verken sprengkulde eller Sibir-kulde i Folldal natt til tysdag, men likevel kaldast i landet.

Foto: Geir Olav Slaaen / NRK

John Smits

GODE FORHOLD: Alt ligg til rette for at det kan bli veldig kaldt i Folldal, fortel statsmeteorolog John Smits.

Foto: met.no

– Det tyder eigentleg at det har vore ein veldig mild vinter dei fleste stadar i Noreg, seier statsmeteorolog John Smits.

– Eg vil ikkje kalle dette verken sprengkulde eller Sibir-kulde, men normal vintertemperatur.

Tynset hadde -29 grader natt til tysdag.

– Har Tynset no tapt kampen om å vere kaldast i landet ein gong for alle?

– Kanskje ikkje ein gong for alle, men ting tyder på at på Fredheim i Folldal er forholda endå gunstigare enn dei er på Hansmoen ved Tynset.

– «Kuldehôl»

Statsmeteorologen seier at sidan Folldal ligg heilt nedst i dalsøkket og det er ganske ope rundt, så har kulda ein tendens til å sige nedover.

– Går ein opp på riksvegen nokre meter høgare i terrenget, så er det ofte ein seks-sju grader varmare der, ifølgje dei som bur på garden der målestasjonen står, fortel Smiths.

– Vi har funne eit «kuldehôl», rett og slett.

Flere saker fra Innlandet