Les meir om folkeavstemminga i Valdres
I Valdres reknar ein stemmer for harde livet. Innbyggjarane i Vestre Slidre, Øystre Slidre, Nord-Aurdal og Sør-Aurdal har stemt anten ja eller nei til å slå dei fire kommunane saman til ei stor.
Eivind Brenna.
Einige ordførarar
Det er dei fire ordførarane som har gått i bresjen for ei kommunesamanslåing. Kommunane Vang og Etnedal ønskjer ikkje å vera ein del av ei storkommune.
Søndag 24. oktober og måndag 25. oktober var folket i dei fire kommunane inviterte til å seie om dei ønskjer ei storkommune i Valdres, eller vil ha seks kommunar som i dag.
Ordførar Eivind Brenna i Vestre Slidre har tidlegare sagt til NRK at han uansett resultat vil følgje folkeavstemminga.
- Uansett kor mange som stemmer vil eg følgje det rådet innbyggjarane har kome med, seier Brenna.
- Trur på nei
Han vil ikkje gle seg for tidleg, men den markerte nei-mannen Bjarne Lome (Sp) Vestre Slidre har stor tru på eit nei-fleirtal i Valdres.
Bjarne Lome
- Vi må nok vente å sjå, men eg har ein god følelse, sa Lome tidleg måndag kveld.
Han har heile vegen kritisert dei fire ordførarane Gro Lundby (Ap) i Øystre Slidre, Eivind Brenna (Bygdalista) i Vestre Slidre, Svein Erik Hilmen (Sp) i Nord-Aurdal og Knut Torgersen (Ap) i Sør-Aurdal for å berre trekkje fram dei positive sidene ved ei storkommune.
Tvilar på stor oppslutnad
Samfunnsforskar ved Høgskolen i Lillehammer, Jon Helge Lesjø, har tidlegare sagt at han ikkje trur Valdres-ordførarane kan vente seg særleg stor valdeltaking.
- Ein må vera svært fornøgd dersom halvparten av innbyggarane møter opp på folkeavstemminga, meiner samfunnsforskaren.
Og folkeavstemminga skal altså berre brukast som eit råd til politikarane som avgjer om kommunane skal slå seg saman eller ikkje.