Hopp til innhold

Folkemusikken fyller operaen

Denne kvelden har det vore utseld på hovudscena i operaen i lang tid. I dag møtes landets beste folkemusikarar til meistermøte i Oslos storstove.

Hvert år møtes tusenvis av utøvere fra hele landet på Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk. De beste av dem treffer du igjen i operaen søndag kveld.

Meistermøte for folkemusikarar og -dansarar i operaen frå 16.00.

Då folkemusikken for fyrste gong fylte operaen i 2014, avslutta Olemic Thommessen med eit ynskje:

– Måtte det skje igjen!

Og no, to år etter er operaen på ny fylt opp med bunadskledde folk i salen. På scena står eit utval av dei som gjennom året har vunne sine klasser på Landskappleik og Landsfestivalen. Målet med meistermøtet er å syne fram folkemusikken til eit større publikum.

Linda Dyrnes

Laila Dyrnes er dagleg leiar i Folkorg. Ho vil vise fram folkemusikk til fleire.

Foto: FolkOrg

– For det fyrste trur eg at folkemusikknoreg tykte det var stort å få folkemusikken inn i Noregs storstove, seier dagleg leiar i Folkorg Linda Dyrnes.

Det er organisasjonen for folkemusikk og folkedans, Folkorg, som står bak arrangementet, og det blir nok ikkje siste gongen folkemusikknoreg samlast i operaen.

– Ja, dette er stas, men det er eit bevisst val at vi ikkje har det kvart år. Vi ynskjer å nå ut til mange med dette tiltaket, men det er eit bevisst val at vi ikkje gjer det kvart år. Men det blir truleg ikkje siste, seier Dyrnes.

Miljøet samla i Oslo

I år er meistermøtet i operaen lagt til ei helg der det elles er mykje folkemusikkarrangement i hovudstaden. Mellom anna blir Oslokappleiken og bransjetreffen Folkelarm arrangert denne helga.

Folkelarm har vore arrangert kvart år i elleve år, og er ein arena der folkemusikarar frå heile Norden får syne seg fram. Dei siste åra har dette bransjetreffet vore arrangert i eigne lokal, på Riksscena på Grünerløkka i Oslo. Og folkemusikkhelga skal i år avsluttast med eit meistermøte i operaen.

– Målet er å samle miljøet til ei folkemusikkhelg i Oslo, og dei siste dagane har formeleg bogna med folk her, seier Dyrnes.

Folkedans i operaen

Unge utøvarar får vist seg fram.

Foto: Folkorg

Høgt nivå på utøvarane

Det har i lang tid gått føre seg ei profesjonalisering i miljøet. Mange av dei unge og aktive er høgt utdanna musikarar, og fleire og fleire greier å leva av musikken.

– Korleis vil du beskrive folkemusikkmiljøet i dag?

– Det blømer. Vi ser at når folk som ikkje har noko forhold til folkemusikken kjem innom på ein folkemusikkonsert, blir dei bergtatt. Det som kjenneteiknar miljøet i dag, er at vi har eit svært ungt publikum på, seier dagleg leiar i Folkorg, Linda Dyrnes.

Fullt i operaen under folkemusikkgalla 2014

Fullt i operaen under førre meistermøte for to år sida.

Foto: Folkorg

Flere saker fra Innlandet