Hopp til innhold

Fokus på disiplin gjev resultat

Raufoss vidaregåande skule har fokus på disiplin. Det førte til mindre bråk og fråver.

Rune Sommerstad og Kjersti Nørstebø
Foto: Dag Kessel / NRK

Rektor Kjersti Nørstebø sette ifjor haust i gang eit prosjekt for å demme opp for store disiplinproblem ved skulen.

Raufoss vidaregåande skule bar preg av manglande grensesetjing, og det var nesten ingen konsekvensar for elevar som braut reglane. Problemet var også at dei som vart bortvist ikkje oppfatta det som nokor straff.

- Elevane får respekt

Nørstebø meiner at med den nye ordning vil dei elevane som faktisk ynskjer å oppnå noko med skulegangen vil blir respektert og få den roa dei treng.

Reglane ved Raufoss vidaregåande skule
Foto: Dag Kessel / NRK

- Nå er det ikkje slik at det er dei elevane som lagar støy som får merksemda, men dei som vil stå på og lære noko, seier rektoren.

Ho fortel at reglane mellom anna går ut på at dei som kjem for seint til skuletime blir utvist.

- Dei vil også få fråver fordi dei ikkje deltok i timen. Denne kan bli sletta dersom eleven går opp til ein miljøarbeidar og jobbar med skulearbeidet der.

Ho fortel også at elevar som ikkje har med det rette utstyret kan bli utvist frå timen.

- Dersom til dømes ein elev som jobbar på verkstad ikkje har med seg utstyret han treng vil han bli utvist, både av hensyn til læraren, medelevar og helse, miljø og tryggleik, seier Nørstebø.

Travelt i starten

Det er miljøarbeidar og barnevernspedagog Rune Sommerstad som tek imot dei utviste elevane. Han fortel at det i starten var ganske folksomt på hemsen, med opptil 15-20 elevar på ein gong.

- Det var ganske travelt i august, vi måtte lære elevane klokka slik at dei kom tidsnok, seier Sommerstad.

Men han understrekar også at hemsen vart ein fin arena for miljøarbeidaren til å bli kjent med elevane.

- Dei som er her har jo ofte andre vanskar, og det er ikkje alle som er vaksne nok til å kome seg opp om morgonen og ordne opp på eigenhand, seier han.

Elevane tilfredse

Ei evaluering som har vorte gjort med lærarar og assistentar viser at tiltaka ved Raufoss Vidaregåande skule har fungert. Også elevrådet er tilfreds med dei nye reglane, og ynskjer dei velkomen. Men elevane meiner likevel fortsatt at det er litt å gå på.

- Det einaste problemet er at ikkje alle lærarane følgjer reglane likt, og det er nokre som er for strenge og nokre for milde. Men tiltaket er greit nok, seier elevar som NRK prata med.

Flere saker fra Innlandet