Totenbøndene reagerte sterkt da Oppland Bondelag annonserte flytting frå Gjøvik til Lillehammer. Årsaka var at fylkeslandbrukskontoret gjer det same.
Det er Norges Bondelag som nå set ned foten etter alle klagene. Flyttinga er lagt på is.
Norges Bondelag må snu, og utsetje flyttinga av fylkeslaget frå Gjøvik til Lillehammer.
Drøftingsmøte
Oppland Bondelag ville følgje etter Fylkesmannens landbruksavdeling til Lillehammer, men da vakna Totenbøndene. Store protestar tvingar Norges Bondelag til å utsetje flyttinga, og nå blir det drøftingsmøte.
- Vi vil samle alle dei 39 lokalleiarane til eit møte torsdag for å prate ut om denne saka, seier fylkeslagsleiar Pål Haugstad til Gudbrandsdølen Dagningen, GD.
- Orientert om flytteplanane
Allereie i november bestemte Norges Bondelag seg for å flytte fylkeslaget. Haugstad seier til GD at lokallaga har blitt orientert om den planlagte flyttinga, men at saka fyrst kom opp da fylkeslandbrukskontoret vart vedtatt flytta.
Dette fekk blant anna dei fire lokallaga på Toten til å vakne.
I tillegg til fem tilsette, skulle også sjefskonsulenten og to tilsette i Norges Bondelag bli med på det planlagte flyttelasset frå Gjøvik til Lillehammer.