Hopp til innhold

Flytter heim til sikta foreldre

Ei kvinne i 30 åra flytter heim til foreldra som er sikta for å ha forgifta henne. Politiet meiner kvinna ikkje lenger er i fare, og har oppheva besøksforbodet.

Politi med anonymisert par utenfor intensiven

BESØKSFORBODET OPPHEVA: I tre månader har foreldreparet berre kunne besøkt dotter si med politiet til stades.

Foto: Jorun Vang / NRK

– Det er veldig godt å endeleg få lov å halde rundt, og trøyste henne igjen, seier mora som er sikta for å ha forgifta dotter si. Dottera i 30 åra har vore kronisk sjuk sidan 2004. I november vart ho livstrugande sjuk etter at ho fekk i seg ein sjeldan type antibiotika ho ikkje tolte.

Kvinna vart lagt inn på intensivavdelinga ved eit sjukehus i Innlandet, og foreldra vart sikta for å ha forgifta dottera. Dei fekk besøksforbod, noko som innebar at dei fekk besøke dottera to halvtimar i veka, og då med politifølgje.

Har oppheva besøksforbodet

Politiet vurderer at jenta ikkje lenger er i fare, og har oppheva besøksforbodet. Dei meiner heller ikkje det er nokon risiko for at ho skal få i seg stoffet igjen.

– Vi har ransaka foreldra sitt hus og ikkje funne medisinar som utgjer nokon risiko for dottera, seier politiadvokat Marte Johansen i Innlandet politidistrikt.

Portrettbilde av Marte Johansen

RANSAKA HUSET: Politiadvokat Marte Johansen seier dei ikkje har funne medisinar i huset som utgjer nokon risiko for dottera.

Foto: Jorun Vang / NRK

Kvinna har forklart seg for politiet om korleis ho skal ha fått i seg stoffet. Politiet vil ikkje seie noko om kva kvinna har forklart, men på bakgrunn av hennar forklaring har dei oppheva besøksforbodet mot foreldra.

Politiadvokat Marte Johansen seier dei ynskjer å halde oppe siktinga mot foreldra medan dei etterforskar saka. Dei ventar på rapportar frå sakkunnige som har analysert blodprøver av kvinna før dei avsluttar etterforskinga.

Dei ser ikkje bort frå at saka kan bli lagt bort.

Politiet vil sende si innstilling til statsadvokaten i løpet av ein månad. Det er statsadvokaten som avgjer om saka blir lagt til sides eller om det blir teken ut tiltale mot foreldra.

Pleier dottera heime

Rom med seng

INNREIDD ROM: Dottera sitt rom har lydisolert dør og gardiner for å skjerme henne mot lys og lyd.

Foto: Jorun Vang

Foreldra ser fram til å få dottera heim, og pleie henne som dei har gjort tidlegare. Dottera har vore fullt pleietrengande etter at ho fekk diagnosen kronisk utmattingssyndrom (ME) i 2004.

– Det har vore ei grufull tid, seier mora, som no ventar og ser kva innstillinga til politiet vil bli.

Det har ikkje lukkast NRK å få kommentar frå foreldras forsvarar.

Flere saker fra Innlandet