- Vi er livredde, seier familiefaren etter at dottera vart angripi og mishandla av ein ungdomsgjeng.
Vil leva i fred
- Eg kan ikkje bu her meir, seier den 17 år gamle jenta etter at ho vart overfalt på sin eigen hybel.
Den kosovoalbanske flyktningfamilien i Trysil ber kommunen om hjelp til å flytte frå bygda. Den 17 år gamle dottera i familien vart slått, sparka og skore opp med kniv i august. Etter det har ho ikkje turt å gå ut åleine.
- Vi flykta frå krig og forfølgjing i Kosovo, og ønskjer derfor å leva i fred i Norge, seier faren.
Fleire tilsto
Familiemedlemmane er redde etter at 17-årigen var overfalt på hybelen sin av dei fire-fem ungdommane. Politiet beskriv overfallet.
- Gjerningsmennene kjem frå eit miljø der det er er mykje narkotika og vald, fortel lensmannen i Trysil.
Dei skal ha vore på kant med jenta, blant annet på grunn av sjalusi og ei kjærlighetsaffære. Fleire av dei mistenkte har tilstått overfallet på henne.
17-åringen hevdar at gjerningsmennene har drapstrua resten av familien hennar.
(Illustrasjonsfoto)
Må betale sjølve
Trass i at familien har bede kommunen om hjelp til flytte har dei så langt høyrd lite.
- Vi kan flytte dersom vi betaler sjølve, men vi har ikkje pengar, seier faren.
Han har ingen jobb, og går på norskkurs. Familien håpar å reise så snart som mogleg.
Kan flytte
Rådmann Kristian Trengereid i Trysil kommune vil ikkje kommentere saka, og svarer derfor heller ikkje på kvifor familien opplever at dei blir avvist.
Men rådmannen forteller at det er mogleg for flyktningar å flytte fra ein kommune til ein annan, med hjelp frå flyktningtenesten.