Hopp til innhold

Fly laga julestjerne

Dei heldige kunne i dag sjå ei spesiell julestjerne på himmelen i Mjøsområdet.

Flyformasjon forsvaret østlandet

Flyformasjon over Austlandet

Foto: Helge Hopen

Da flaug fleire F16 jagarfly i formasjon over området og danna noko som likna på ei stjerne.

Den såkalla "Julestjerna" er ein tradisjon som går tilbake heilt til 1950-talet.

Vil vise nærver

Formasjonen var i lufta over Mjøsområdet omlag klokka 13. På grunn av overskya ver var det kanskje ikkje så mange som fekk sjå den, men den var i alle fall under skydekket eit par gonger, opplyser Tor Arne Hammervik ved Luftforsvaret på Ørlandet.

Målet med denne formasjonsflyginga er å vise nærver og å skape ei annleis avslutning på året, melder Luftforsvaret.

Trompetisten Ole Edvard Antonsen frå Hamar flaug saman med formasjonen i eit av dei første jetjagarane til Luftforsvaret, de Haviland Vampire.

Flere saker fra Innlandet