NRK Meny
Normal

Flinkast på søppelsortering

Gjøvik, Toten og Land-kommunane er dei som er flinkast til å sortere søppel. Men framleis er det langt att til Hedmark-nivå på returavfall.

Søppel
Foto: Erik Thorberg, Thorberg, Erik

- Enkle ordninger er noko av årsaka, seier Morten Bratlie, dagleg leiar i GLT-Avfall.

Mengda med hushaldningsavfall aukar stadig.

Det er store variasjonar frå kommune til kommune i kor mykje som blir kildesortert.

Gran og Trysil på toppen

I Oppland er det folk på Hadeland som kastar mest, Gran er på topp med over 460 kilo avfall per innbygger i 2004.

I Hedmark er det tryslingar som lagar mest søppel, truleg med god hjelp frå hyttefolket, medan Ringsaker kjem på andre plass.

Dei som kastar minst avfall i Hedmark, bur i Nord-Østerdalen. I Oppland er det folk i Nord-Fron og i Gjøvik og Toten-kommunene som er flinkast til å spare samfunnet for søppel.

Legg til rette

- Det gjeld å legge til rette med gode løysingar for forbrukaren, seier dagleg leiar i GLT-avfall, Morten Bratlie.

- Det går for det meste på henteordninger. I dag hentar vi fire fraksjonar, medan vi til våren og skal samle inn plast, seier Bratlie.

Men på andre sida av Mjøsa er dei enda flinkare. I dei fire kommunane på Hedemarken blir nærmare 80 prosent av søppelet gjenvunne. GLT har som mål å bli like flinke.

- Vi vil og få ei betre ordning på papirretur. Klarer vi det, kan vi kome opp på 70 prosent resirkulering, seier Bratlie.

Og det endelege målet er naturlegvis å gjenvinne mest mogleg.

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND

  • Isgang i Brumunda

    Ringsaker kommune advarer publikum å ferdes på stier, veger og broer ved Brumunda de nærmeste dagene. Årsaken er at det en del is i elva og en fare for at isen kan lage propper og dermed flomtilstand.

    Elva Brumunda med isgang
    Foto: Ringsaker kommune
  • Dømt for våpentyveri

    En mann er dømt til fengsel i 75 dager for å ha stjålet våpen og våpendeler for over 200.000 kroner fra en sportsforretning i Gjøvik. Mannen er også dømt for å ha brukt bensinkortet til arbeidsgivere sin til å fylle drivstoff på private biler.