Hopp til innhold

Fleirtalet vil ha lågare promillegrense på sjøen

HAMAR (NRK): Sju av ti vil ha lik promillegrense på sjøen som på vegen. På same tid meiner kvar femte fritidsbåtførar at det er greitt å drikke mens ein køyrer båt.

Promilletest

BLÅSER: Vegard Mikkelsen blir testa for promille på Mjøsa. Han meiner promillegrensa burde ha vore lågare. Annica Løsblad og ungane Embla Synnøve, Idun og Webjørn er medpassasjerar.

Foto: Lars Bilit Hagen / NRK

– Vi er ute og tar promillekontrollar av båtførarane, seier innsatsleiar og politiførstebetjent Frode Hjulstad. Han og kollega Jan Erik Greve-Løberg er ute på Mjøsa med politibåten, og vinkar inn ein møtande båt.

Sjølv om vêret er grått, er det likevel ein del båtar ute på Noregs største innsjø.

– Å kontrollere promille er førebyggande arbeid. Det er ein fin måte å kome i kontakt med trafikantane på, og det er ein grei måte å avdekke ulovleg køyring.

Politiet på Hamar

GJER SEG KLARE: Politiførstebetjentane Frode Hjulstad og Jan Erik Greve-Løberg gjer seg klare for å ha kontroller på Mjøsa utanfor Hamar.

Foto: Lars Bilit Hagen / NRK

Vil senke promillegrensa

Ei undersøking MA – Rusfri trafikk har fått utført viser at sju av ti, eller 72 prosent ønskjer å senke promillegrensa til sjøs ned på same nivå som på vegen.

Elisabeth Fjellvang Kristoffersen

POSITIVT, MEN NEGATIVT: Elisabeth Fjellvang Kristoffersen, generalsekretær i MA Rusfri Trafikk meiner det er bra at fleirtalet vil senke promillegrensa, men ikkje like bra at kvar femte vil drikke mens dei køyrar båt.

Foto: MHF

– Det synest eg er veldig positivt. Det viser at folk ønskjer meir restriktive haldningar til rus på sjøen, seier generalsekretær i organisasjonen Elisabeth Fjellvang Kristoffersen.

Blant båtførarane som blir stoppa på Mjøsa er det ikkje noko tvil, dei meiner at promillegrensa bør gå ned.

– Ho skulle ha vore 0,0 spør du meg. 0,8 er for høgt, da har ein for nedsett evne til å føre eit fartøy, seier Vegard Mikkelsen.

Han har vore ute på båttur med familien, og meiner ikkje alkohol høyrer heime når ein køyrer båt.

– Eg synest det skulle vore lågare på sjøen òg. Det er ingen grunn til å drikke når ein køyrar båt heller.

Familien ute i båt

FISKETUR: Lina Bjerke meiner reglane for promille bør vere like til sjøs som på vegen. Hon har vore på fisketur saman med Jan Furseth, og Wilmer og Oliver Sundberg.

Foto: Lars Bilit Hagen / NRK

Kvar femte vil drikke på sjøen

På same tid svarar kvar femte fritidsbåtførar ja på at dei synest det er greitt å drikke mens ein køyrer båt. Greve Løberg arbeidar med trafikk i politiet i Innlandet, han synest ikkje det er gode haldningar.

– Det er ting som er greitt, og ting som ikkje er greitt, eg meiner det ikkje er greitt. Sjølv om det finst ei aksept for ei viss alkoholmengd i kroppen, så synest eg det er ugreitt, seier Greve-Løberg.

Fjellvang Kristoffersen i MA – Rusfri Trafikk er einig med Greve-Løberg.

– Det er eit skremmande høgt tal. Det avslørar noko om dårlege haldningar knytt til rus og båtliv, seier Fjellvang Kristoffersen.

Flere saker fra Innlandet