10-åringane syner stolte fram prosjekta dei har vald som særemne på 4. trinn. På plakatane står det "Childrenlabour", "Deforestation" og "Air-pollution".
Læraren fortel, på engelsk, at ungane sjølve har vald tema for oppgåva, og at hennar ansvar har vore å rettleie og sørgje for at dei har kome i mål til rett tid.
All undervisning ved Gjøvik International School er på engelsk, og norsk er eige fag.
Julie Løkken går i 4. klasse, og er svært nøgd med skulevalet. Ho likar alt, men mest at dei snakkar engelsk heile tida. Ho meiner ho lærer meir på denne skulen enn då ho gjekk i den vanlege norske skulen.
Tredobla elevtal
Gjøvik International School opna hausten 2015 med 34 elevar. I mai 2017 er 106 elevar påmelde så langt før oppstart til hausten.
– Det gjev jo nokre utfordringar, seier styreleiar Gunn Mari Rusten.
Utbygginga dei hadde sett føre seg om tre år, måtte dei ta etter eit halvt år. Kvar veke kjem nye elevar til, og til hausten er det venteliste for å få byrje i 2. klasse.
Skulen på Gjøvik er ikkje åleine om å oppleve auka interesse. Dei største privatskulane melder alle om elevauke dei siste åra. Det gjeld både kristne skular, Montessori- og Steinerskular.
Tal frå utdanningsdirektoratet syner, at sjølv om det aukar jamt i privatskulane, er det framleis 96 prosent av norske born som går i offentleg skule. Oppslutninga om privatskulane i Noreg er også mykje mindre enn i nabolanda våre.
I Danmark går 16 prosent av barneskoleelevane og 28 prosent av ungdomsskoleelevane i private skular. I Sverige er det også langt fleire elevar som går på privatskule enn i Noreg.
– Foreldre er i ferd med å misse trua
Professor Yngve Nordkvelle ved Høgskulen i Innlandet ser likevel ein tendens.
Han meiner foreldre er i ferd med å misse trua på den offentlege skulen. Skulda har politikarane, seier han, og meiner dei sår tvil om kvaliteten i skulen, når alt må målast, og skulen sjølv blir fråteken styringa av innhaldet.
– Det gjer skulen meir stressa, seier Nordkvelle.
Professoren meiner skulen må få ny kraft, men ikkje frå politikarar som til dømes har som mål å bruke skulen til å auke konkurranseevna med utlandet.
– Det må skje på oppsedinga og oppvekstens premiss der ungane lærer kva som er nyttig for å leve eit godt liv i ei global verd som stadig endrar seg, seier han.