NRK Meny
Normal

Fleire vegar er framleis stengt

Dei mindre vassdraga, samt Glomma ved Elverum skal nå ha nådd flaumtoppen, og vassmengda byrjar å minke i Gudbrandsdalslågen. I Trysil og Numedalslågen stig vatnet framleis, men òg her er det venta at det skal roe seg utover dagen.

Sorknes golfbane flom

Dagleg leder ved Sorknes golfbane i Åmot, Fredrik Brun, inspiserer skadane.

Foto: Per Magnussen

Fyrst på dagen fredag, melde Noregs vassdrag- og energidirektorat (NVE) at vasstanden i dei mindre flaumutsette vassdraga i Hedmark og Oppland, hadde kulminert, altså nådd toppen. Medan vatnet i Glomma, Gudbrandsdalslågen, Trysil og Numedalslågen framleis steig.

Rett før 14.30 fredag, fortalde vakthavande hydrolog i NVE, Per Glad, at dette var i ferd med å snu. Glomma og Gudbrandsdalslågen nå har nådd toppen, medan Trysil og Numedalslågen vil kulminere i løpet av dagen.

Aktsemdsnivået gult

Orsaka til flaumproblema torsdag kom av høge temperaturar og mykje regn.

Aktsemdsnivået i dei to fylka er framleis gul. Det vil seie at situasjon krev oppfølging og at det kan verte lokale skadar.

– Vi fylgjer situasjonen tett, men prognosane tilseier ikkje eit stort skadenivå sjølv der nivået framleis stig, seier Glad.

Han fortel at det mest truleg vil kome litt regn i dei flaumutsette områda laurdag og søndag, men at det er snakk om så beskjedne mengder, at flaumfaren mest truleg er overstått.

Stengde vegar

Sjølv om vassmengdene nå ser ut til å roe seg, gjorde dei stor skade fleire stader mens det stod på. Fleire vegar i distriktet er difor stengt, ifylgje Statens vegvesen.

  • To vegar er stengt i Sør-Østerdalen: Fv. 610 og fv. 611 i Åmot.
  • Fv. 581 i Trysil/Engerdal er stengt inntil vidare. Det er skade på tre ulike stader, blant anna ei stor stikkrenne som er heilt øydelagt. Fv. 572 i Trysil er delvis stengt ca. ei mil nord for Innbygda, men eitt køyrefelt er opent.
  • På fv. 51 i Ringsaker er framkjømda redusert.
  • Fv. 215 ved Nordre Osen i Hedmark er stengt.

Fv. 312, ved elva Brynsåa i Øyer og Fv. 26 Øst i Hedmark, var tidlegare stengt, men skal nå vere opna. Fv. 654 til Elgå i Engerdal var stengt for køyretøy over 3,5 tonn, men skal nå vere køyrbar for alle. Tidlegare var det òg redusert framkjømd på fv. 7, fv. 48, og fv. 49, men dette skal vere retta fredag ettermiddag.

Industriområde råka for tredje gong

I løpet av natta har Trysil-elva funne vegen inn på industriområdet til Moelven Trysil. Dette er tredje gong på fire år at bedrifta slit med dei store vassmengdene, ifylgje ei pressemelding.

– Vasstanden har nå høgde til å gå inn i våre flissiloar når området fyllest. Vårt mannskap har ferie desse to dagane, men nødvendig mannskap vart varsla i går kveld og kallast nå inn igjen frå ferie, fortel direktør ved bedrifta Runar Pettersen.

Ifylgje pressmeldinga har storflaumar i 1995, 2014 og 2016 har påført Moelven Trysil og Trysil Fjernvarme skader for 30 millionar kroner.

For å redusere skadeomfanget har fleire flisbilar fortløpande køyrt unna kutterflis of sagflis.

Oversvømmelse ved Flagstsd- elva ved Vienkrysset utenfor Hamar

Vasstanden er stor i Flagstadelva.

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND