NRK Meny
Normal

Fleire skogbrannar i kveld

Både i Bergeberget og på Terningmoen blir det i kveld jobba med å sløkkje skogbrannar. Brannvesenet har kontroll begge stadane.

I Bergeberget starta det å brenne da eit tre bles over ei høgspentlinje, fortel vaktleiar ved 110-sentralen Innlandet, Trond Linnerud.

Der klarte brannvesenet etterkvart å omringe brannen, og fekk kontroll.

Også i området ovanfor Terningmoen blir det meldt om ein skogbrann måndag kveld. Der jobbar brannfolk frå Løten saman med mannskap frå Forsvaret med å få kontroll.

Ifølgje Linderud har dei klart å redde fleire hytter i området, og det skal ikkje vere særleg fare for vidare spreiing.

I Nord-Fron brann det måndag i eit skogsområde mellom Kvam og Vinstra. Også der streva dei med sterk vind.

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND