Hopp til innhold

– Hadde eg vore fotballspelar hadde eg vel vore på sjukehus

Han skada seg under siste trening før NM. Likevel sikra Lars Jørgen Fjeld seg tre medaljar under turn-NM på heimebane.

Han skada seg på trening like før NM, men tok likevel fleire medaljer under meisterskapen.

I helga ble det arrangert NM i turn i Elverum. Lars Jørgen Fjeld frå Stange, som turnar for Elverum turn, var rekna blant dei store førehandsfavorittane i fleire apparat.

Men på trening fredag reiv han av deler av muskelfesta til latissimus, eller den breie ryggmuskelen som den også blir kalla.

Store smertar

– Det er ganske vondt. På ein skala frå ein til ti er nok smerta på ein tiar når det står på, seier Lars Jørgen Fjeld.

Han har likevel levert fleire gode resultat under NM på heimebane, og kom til finale i dei tre apparata han var med i, i tillegg til å ta bronse i lag. Sundag sikra han seg også bronse i frittståande og hopp.

Eit spark til fotballen

– Til å vere skada har det gått bra, seier turnaren frå Stange, som allerede i morgon startar å trene styrke.

– Neste år har eg som mål å ta gull, seier den tøffe turnaren, som til slutt tillet seg eit humoristisk sleivspark til dei som spelar fotball.

– Hadde eg vore fotballspelar hadde eg vel vore på sjukehus med ei slik skade.....

Flere saker fra Innlandet